VTS brukar profilnamet @VTSvest, og oppdaterer heile døgnet kvar dag i året, men svarar ikkje på meldingar.
– Vegvesen.no er framleis vår hovudkanal for vegmeldingar, men med Twitter får vi større moglegheitt il å utdjupe kva som har skjedd, seier faggruppeleiar på Vegtrafikksentralen, Stian Rosnes.
@VTSvest kjem berre unntaksvis til å publisere meldingar om planlagd vegarbeid. Dei kjem til å prioritere informasjon om hendingar som ikkje er planlagde, men har betyding for avviklinga av trafikken.
Region vest dekkjer fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.