NØGD: Fylkesordførar Jenny Følling er nøgd med at Hemsedalsfjellet blir hovudvegsamband for næringstransport. Men ho slår også fast at det står att ein knallhard kamp om kronene. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Vegvalet: – Ber preg av Ole Brumm-politikk

Fylkesordførar Jenny Følling er nøgd med at Hemsedalsfjellet blir hovudvegsamband for næringstransport. Men ho slår også fast at det står att ein knallhard kamp om kronene.

Lærdal: – Regjeringa og samarbeidspartia har slått fast eit viktig prinsipp med denne avklaringa. At Hemsedalsfjellet blir hovudvegsamband for næringstransport mellom aust og vest, betyr at vegen må rustast opp til den standarden som næringslivet treng. Det er veldig viktig for det eksportretta næringslivet me har her på Vestlandet, seier Følling.

Mange sat spente og venta på kva val regjeringa og samarbeidspartia hadde kome fram til då det var innkalt til pressekonferanse måndag. 

Der vart nok mange overraska. For i staden for å gå inn for éin hovudveg i tillegg til Haukelifjell, vil dei satse på både Hemsedalsfjellet, Hardangervidda og Filefjell, men med ulike funksjonar.

Tykkjer det framstår litt ullent

Regjeringa og samarbeidspartia vil ikkje velje to stamvegar, men gir heller tre trasear ulike funksjonar: Hemsedalsfjellet skal vere hovudsamband for næringstrafikk, Hardangervidda for persontransport, og Filefjellet skal fungere som avlastningsveg.

Fylkesordføraren har kjempa hardt for Hemsedalsfjellet som den andre stamvegen, blant anna utifrå eit nærings- og reiselivsperspektiv. Ho er glad for avklaringa, men tykkjer også det heile framstår som litt ullent.

– Det ber litt preg av Ole Brumm-politikk dette, ja takk, begge delar. Me har ein stor jobb å gjere for å kjempe fram dei prosjekta som trengst over Hemsedal, og det blir ein knallhard kamp om prioriteringar og pengar.

– Men me har sterke aktørar på laget, blant andre LO, NHO og Norges Lastebileier-Forbund har støtta Hemsedalsfjellet heile vegen. I tillegg er reiselivet i Sogn 1,5 gonger større enn i Hardanger, noko som er viktig for tyngda på det området, seier Følling.

Til toppen