Indre Sogn: – At det no kjem så mykje nytt på bana gjer det heile veldig vanskeleg. Det er veldig viktig å svara på det ein faktisk blir spurt om. Men det ligg heilt klart mykje politikk i dette, seier Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal.
Fylkespolitikarane i Hordaland gav i førre veke si innstilling til saka om val av hovudvegar mellom aust og vest. I den pågåande høyringsrunden kjem kommunar, fylkeskommunar og andre instansar med sine innstillingar før Stortinget i løpet av 2017 skal avgjera saka.
E134 over Haukeli er alt innstilt som den sørlege hovudvegen mellom aust og vest. Så har spørsmålet vore om rv. 7 Hardangervidda eller rv. 52 Hemsedalsfjellet skal bli den nordlege hovudvegen. Vegvesenet har to gonger anbefala Hemsedalsfjellet.
Les også: – Kan vanskeleg sjå at politikarane går mot dette
Les også: Held trykket på hovudveg over Hemsedal
– Skjønar ikkje heilt korleis dei har tenkt her

Men dette spørsmålet tek ikkje fylkespolitikarane i Hordaland stilling til; dei vil nemleg ha E16 over Filefjell som nordleg hovudveg.
– Det blir rimeleg useriøst når du er spurt om å koma med innspel til to alternativ, så kjem du i staden med noko heilt nytt. Eg ser ikkje den, seier Solheim.
– Kan målet med dette vera å halda den nordlege hovudvegen så langt nord som mogleg, det vil seia lengst mogleg vekk frå Hardangervidda så denne i neste omgang står sterkare?
– Kva som er politikken bak å ikkje svara på spørsmål veit eg ikkje - eg skjønar ikkje heilt korleis dei har tenkt her. Men det ligg nok strategi bak å ikkje svare på spørsmål - er det ikkje det politikarar ofte blir skulda for? seier Solheim
– Rv 52 samfunnsøkonomisk ulønsam
Fylkesutvalet i Hordaland vil ha E134, med ein arm til Bergen som hovudsamband i sør, og ber om at ein set i gang med KVU (Konseptvalutgreiing) for denne armen. I nord vil dei ha E16 over Filefjell som hovudsamband, skriv avisa Hordaland.
Dei viser vidare til vedtaket med følgjande ordlyd: «Det er gjort store investeringar på E 16 over Filefjell som er føresett fullført innan 2018. Fylkesutvalet viser at utbygging av Rv 52 er samfunnsøkonomisk ulønsam. Fylkesutvalet legg derfor til grunn at E 16 blir halde oppe som det nordlege hovudsambandet mellom Vestlandet og Austlandet.»
Les også: Dette betyr vegvalet for deg
Les også: Fylkesrådmannen i Hordaland går mot riksveg 7
– Eg reknar med dei som vurderer innspela ser vekk frå innspel som ikkje svarar på spørsmålet. Fagetaten har gått for riksveg 52 to gonger, seier Solheim.