INNSLAG: Det vestlege innslaget på tunnelen forbi Ljøsne vil bli her på Stuvane. Foto: Ole Ramshus Sælthun
INNSLAG: Det vestlege innslaget på tunnelen forbi Ljøsne vil bli her på Stuvane. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Vegvalet kan framskunda tunnelen her

Dersom Stortinget vel Hemsedalsfjellet som ny hovudveg aust-vest kan det framskunda tunnelen på Ljøsne.

Lærdal: – Det vil styrkja sjansane for at tunnelen kjem kjappare, seier varaordførar i Lærdal, Trond Øien Einemo.

Førre veke anbefalte Statens Vegvesen Hemsedalsfjellet som den nordlege hovudvegen mellom aust og vest framføre Hardangervidda. Dersom stortingspolitikarane følgjer råda frå fagetaten vil det bli store oppgraderingar på strekninga Gol-Voss langs Rv. 52 og E16 gjennom Lærdal og Aurland.

Les også: Dette betyr vegvalet for deg

Les også: Sogndalsordføraren: – Brua må koma ei gong

Ein av dei mange strekningane som ligg inne i grunnlagsdokumentet frå Vegvesenet er den 5,5 kilometer lange tunnelen gjennom Ljøsne i Lærdal, nærare bestemt frå Stuvane til Lundskleivi.

Artikkelen held fram under kartet

LANG: Den stipla linja lengst nord illustrer den vedtekne tunnelen forbi Ljøsne. Kart: Statens Vegvesen
LANG: Den stipla linja lengst nord illustrer den vedtekne tunnelen forbi Ljøsne. Kart: Statens Vegvesen

– Ein krigar i tjue år for vegar som tek to år å byggja

Tunnelen har vore mykje omtala, mellom anna var det strid om kor lang den skulle bli. Etter mykje om og men gjekk Miljøverndepartementet inn for alternativet med lengst tunnel hausten 2013. Såleis skal den koma, spørsmålet er når. Då ny Nasjonal Transportplan (NTP) vart vedteken i 2014 låg nemleg ikkje tunnelen inne.

NTP blir revidert kvart tredje år. Neste runde er altså komande år, 2017.

Tunnelen på Ljøsne blir ein del av eit stort vegprosjekt dersom politikarane går inn for Hemsedalsfjellet som ny hovudveg aust-vest. Går politikarane mot Statens Vegvesen sine anbefalingar og vel Hardangervidda vil derimot tunnelen på Ljøsne langt på veg "sveva i lause lufta".

Men sjølv om Hemsedalsfjellet skulle bli vald framføre Hardangervidda - noko som  altså styrkjer stillinga til tunnelen på Ljøsne sett i tidsperspektiv - er det likevel ikkje sjølvsagt at den kjem inn i NTP i 2017, forklarar Øien Einemo:

– Kor kjapt dette vil koma i NTP-samanheng, veit ein ikkje. Slik er det med veg; ein krigar i tjue år for vegar som tek to år å byggja.

– Ein skal ikkje jubla før vedtaket er gjort

Aurlandsordførar Noralv Distad uttalte til Porten.no at han vanskeleg ser føre seg eit Storting som går mot eigen fagetat når det gjeld valet mellom Hemsedalsfjellet og Hardangervidda.

Øien Einemo seier det slik:

– Eg er veldig nøgd med tilrådinga frå Vegvesenet, både på vegner av Lærdal og fylket. Men ein skal ikkje jubla før vedtaket er gjort.  Hordalandsbenken er sterk på Stortinget og hordalendingane mobiliserer voldsamt.

– Du verkar litt meir atterhalden enn partikollega Distad?

– At Vegvesenet igjen tilrår Hemsedalsfjellet styrkjer moglegheiten for at det blir slik, og dette skal noko til å gå mot for stortingspolitikaren. Samstundes er ikkje skilnadene mellom Hemsedalsfjellet og Hardangervidda frykteleg store i prioriteringane frå Vegvesenet, og det er litt skummelt. Men me skal sjølvsagt jobba for at Hemsedalsfjellet går gjennom.

E16 viktigast for Årdal og Vang

For Årdal og Vang er det først og fremst E16 som gjeld. Den blei vedteken som stamveg i 1975, men i fjor - 40 år etter - kom meldinga om at E16 ikkje lenger skulle vera stamveg. Vegane mellom aust og vest som skulle prioriterast var altså E134 over Haukeli i sør og anten Rv. 52 Hemsedalsfjellet eller Rv. 7 Hardangervidda i nord.

Eitt av argumenta fleire forkjemparar for Hardangervidda som ny hovudveg drog fram då Statens Vegvesen kom med si tilråding førre veke, var at ein ved å prioritera Hemsedalsfjellet ville få oppgraderte vegar som ligg nære kvarandre og parallelt inn til Sogn.

Les også: Overraska over at regjeringa vektlegg kost/nytte så sterkt

Vangordførar og leiar av stamvegutvalet Vidar Eltun skulle gjerne sett at E16 framleis vart satsa på som stamveg, men er likevel glad for at Hemsedalsfjellet blir tilrådd framføre Hardangervidda når det er dei to vala det står mellom:

– Det er viktig no å få bygd vidare på E16 frå Lærdal og vidare vestover. Di meir trafikk som går her, di betre er det for oss også. Blir sjuaren vorte vald vil jo kanskje midlane bli omprioritert ettersom den berre går til Voss.

Artikkelen held fram under biletet

NØGDE: Varaordførar i Lærdal, Trond Øien Einemo og ordførar i Vang, Vidar Eltun på studietur langs E16 etter at Vegvesenet kom med si tilråding om hovudveg aust-vest.
NØGDE: Varaordførar i Lærdal, Trond Øien Einemo og ordførar i Vang, Vidar Eltun på studietur langs E16 etter at Vegvesenet kom med si tilråding om hovudveg aust-vest.

Årdalsordførar Arild Ingar Lægreid ser det mykje på same vis som kollegaen i aust:

– Det viktigaste for oss er at opprustinga av E16 held fram, det styrkjer også Årdal-Tyin. Så er jo heile strekninga til Bergen viktig for Årdal på fleire vis - turisme og utviklinga av fjellet, mellom anna. Så me gler oss med regionen over Vegvesenet si tilråding.

Varaordførar i Lærdal, Trond Øien Einemo, minner også om at E16 framleis vil vera ein svært viktig.

– For det første tek det lang, lang tid før utbyggingane på Hemsedalsfjellet blir ferdige - om den altså blir vald. For det andre vil E16 vera den viktigaste vegen til dei nordlege delene av austlandet også i lengre perspektiv.

Til toppen