AUST-VEST: Prosjektleiar for KVU Gol-Voss, Morten Ask, legg torsdag fram kva Statens vegvesen anbefalar som hovudveg mellom aust og vest. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
AUST-VEST: Prosjektleiar for KVU Gol-Voss, Morten Ask, legg torsdag fram kva Statens vegvesen anbefalar som hovudveg mellom aust og vest. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

Vegvesenet anbefalar Hemsedalsfjellet

Statens vegvesen går for at riksveg 52 Hemsedalsfjellet skal bli ein av to hovudvegar mellom aust og vest. 

Voss: Det går fram etter at Statens vegvesen la fram si konseptvalutgreiing (KVU) klokka 13.00 torsdag. 

– Riksveg 52 er vurdert som betre enn riksveg 7 både når det gjeld samfunnsøkonomi, måloppnåing og moglegheita til å betene nasjonal trafikk som ikkje kan benytte E134. 

– Det betyr at ei satsing på riksveg 52 saman med E134 er vurdert å vere ei betre heilskapsløysing, som vil gi effektive og samfunnssikre hovudvegbindingar for reisande i eit geografisk større område enn det riksveg 7 kan dekke, heiter i ei melding frå Vegvesenet.

– Berre til nytte for Bergen

Torsdag er interessentar frå begge sider samla på Voss, der KVU-en vert lagt fram. Porten.no er tilstades og vil kome med reaksjonar etter kvart torsdag. 

– Så er det slik at Hemsedalsfjellet ikkje har så aller verdt vinterregularitet, så me meiner tettstadproblematikken er viktigare å løyse før høgfjellsproblematikken, seier prosjektleiar for KVU, Morten Ask. 

– Grunngjevinga er den totale vurderinga. E134 gir god forbindelse mellom Oslo og Bergen og betener områda sør for Bergen, medan riksveg 52 vil representere tåleg grei forbindelse til bergen, dog 10 minutt lenger enn riksveg 7, men vil få med seg områda nord for Sognefjorden. Hardangervidda vil berre vere til nytte for område rundt Bergen. 

Han peikar også på at Hardangervidda og Hemsedalsfjellet stiller ganske likt dersom ein ikkje reknar med Hordalandsdiagonalen og bru over Sognefjorden.

– Byggjer ein ein av desse, ser biletet heilt annleis ut, seier han.

Veg tungt for politikarane

Denne anbefalinga frå Vegvesenet vil vege tungt når politikarane skal ta den endelege avgjerdsla for kva som skal bli ei av hovudårene mellom Austlandet og Vestlandet i tillegg til E134 Haukelifjellet.

Vegforkjemparar for begge sider sit no og ventar spent på at Vegvesenet skal leggja fram resultatet av konseptvalutgreiinga (KVU) dei har køyrt på strekninga mellom Gol og Voss.

Omkamp

Bakgrunnen for KVU-en var at regjeringa meinte dei trengte ei grundigare utgreiing før dei kunne ta stilling til kva trasé dei ville velje. Då Vegvesenet la fram den meir overordna anbefalinga si i januar 2015, kom Hemsedalsfjelelt best ut føre Hardangervidda.

Då samfersleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) då bestilte KVU, blei det møtt med kritikk og spørsmål frå mellom anna Liv-Signe Navarsete (Sp). Ministeren svarte slik: 

– Ved å gjennomføre ein KVU blir det mogleg for Statens vegvesen å vurdere konsekvensane av dei to alternativa meir grundig enn i tidlegare utgreiing. Til dømes kan alternative løysingar analyserast grundigare med tanke på nytte og kostnader og andre verknader som er viktige for samfunnet.

Saka vert oppdatert.

Relaterte saker

Til toppen