FLEIRE TRAKTORAR: Eit stadig vanlegare syn langs vegane. Det fører til farlege situasjonar i trafikken.
FLEIRE TRAKTORAR: Eit stadig vanlegare syn langs vegane. Det fører til farlege situasjonar i trafikken. (Bilde: Arkiv)

Vegvesenet ber bønder frakte traktoren på lastebil

Fleire traktorar på vegane fører til lange køar og livsfarlege forbikøyringar. No ber Vegvesenet bøndene om å vurdere å frakte traktoren på lastebil i staden.

Frustrerte bønder, sinte bilistar og livsfarlege forbikøyringar er eit velkjent scenario over store delar av landet.

– Det kjem til å bli endå fleire traktorar på vegane framover. Både bønder og entreprenørar brukar traktor, seier leiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag til Nationen.

No krev bøndene i fylket fleire avkøyringslommer for å unngå køar og ulykker.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå er det registrert 275.157 traktorar i Noreg. Talet har auka med 10 prosent sidan 2011. Samtidig blir det færre bønder, men dei som driv vidare, tar over jorda til dei som legg ned. Det fører til lengre avstandar til jorda og fleire traktorar på vegane.

– Dette er litt av prisen vi må betale for å drive større. Det er ingen teikn i landbrukspolitikken og samfunnsutviklinga som tilseier at dette skal stoppe, seier Felde.

Men dersom bøndene er redde, må dei vurdere om det er nødvendig å køyre, meiner Statens vegvesen. Vigdis Lobenz, leiar for plan- og forvaltningsseksjonen i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, har tidlegare anbefalt bøndene i fylket å la traktorane stå eller frakte dei på lastebilar. Det var avisa Firda som først omtalte saka.

– Dersom folk er redde eller bekymra for å køyre traktor på trafikkert veg, må dei jo vurdere kor stort behovet er for å køyre. Alle har ansvar for å vurdere trafikksituasjonen, seier Lobenz til Nationen.

Til toppen