Sogn: – Påskefolket er flinke og ansvarlege i trafikken. Men ver likevel på vakt. Sjølv om påska er sein i år kan det framleis bli skiftande vêr- og føreforhold, spesielt på og over fjella. Auka trafikk betyr auka risiko, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen i ei pressemelding.
Kvar påske skjer det om lag 100 trafikkulykker med personskadar. I fjor døydde to menneske i påsketrafikken, medan det tilsvarande talet for dei fem førre åra har variert frå fire til sju personar.
– Om du tilpassar farten etter forholda, ikkje stressar og sikrar både passasjerar og last, bidrar du til ei trafikksikker påske for både deg, dine og alle andre som ferdast på norske vegar. Mange har det ubegripeleg travelt i påsketrafikken. Alle skal trygt både fram og tilbake, seier vegdirektøren.
I påsketrafikken i 2016 registrerte Statens vegvesen 76 alvorlege trafikkulykker, der to mista livet og 11 blei hardt skadde.
Vegvesenet har desse påskeønska:
- Sjekk ver- og føremeldingar. Planlegg turen!
- Køyr etter forholda og hald fartsgrensa. Hald køen!
- Bruk bilbelte.
- Sørg for at bilen er i god teknisk stand. Pakk riktig!
- Stopp og sov viss du blir trøytt.
(©NPK)