RIV MED SEG GJERDE: Statens vegvesen ber grunneigarar sjå til gjerda som står langs vegane, særleg gamle gjerde som kan ha falle ned og ikkje er så godt synlege. Under kantklyppen i vår førte dette til fleire uønskte hendingar der strengen havna inni klypparen. I dette tilfelle er gjerde godt synleg. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Vegvesenet ber grunneigarar rydde opp gamle gjerde

Lærdal: Kvar sommar klypper Vegvesenet gras og busker langs vegane. Det er vanleg med ein runde på våren og ein ny runde etter sommaren, det vil seie frå 1. august.

Under kantklyppen i vår var det spesielt éin ting som skapte mykje trøbbel for entreprenøren, gamle gjerde som kjem inn i kantklypparen.

– Det er viktig at grunneigarane ser til desse gamle gjerda. I vår hadde me store problem med dette, seier Rune Dvergsdal i Vegvesenet.

Tar tid å få ut av klypparen

Han fortel at Vegvesenet gjerne får kjeft for at dei er borti gjerda, men ofte er det fordi den som driv kantklyppen ikkje ser dei gamle gjerda som ligg langs vegen.

– Då kjem strengen frå gjerda inn i klypparen, og så krulla det seg inni og blir reve med. Det går fort rundt, og det blir ein del ekstraarbeid for han eller ho som må stå og plukke ut strengen i ein time eller to.

– I våre dagar er det ikkje sauer som går rundt og beitar like mykje som før, og då er det ein del av desse gjerda som berre ligg der til ingen nytte. Dei er vanskelege å få augo på før det er for seint, seier han. 

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

Til toppen