TYINKRYSSET: Med det som førebels er meldt av vind onsdag og snø og vind torsdag, skal det ikkje vera naudsynt å organisera kolonnekøyring over Tyin-Årdal, forsikrar vegvesenet. Brøytebilane kan ta seg av det som er meldt so langt. Statens vegvesen webkamera, 8.41 onsdag 10. januar.
TYINKRYSSET: Med det som førebels er meldt av vind onsdag og snø og vind torsdag, skal det ikkje vera naudsynt å organisera kolonnekøyring over Tyin-Årdal, forsikrar vegvesenet. Brøytebilane kan ta seg av det som er meldt so langt. Statens vegvesen webkamera, 8.41 onsdag 10. januar.

Vegvesenet: –Det skal ikkje vera noko problem å halda Årdal-Tyin open onsdag og torsdag

Basert på kva vêrmeldinga for fjellovergangen seier, skal det ikkje vera noko problem som helst, seier vegvesenet.

Årdal: Det er ikkje meldt nedbør i Tyinfjellet denne onsdagen. Det som då kan skapa problem for bilistar over fjellovergangen Årdal-Tyin, er vind. 

Frå klokka tolv om dagen onsdag og fram til midnatt er det meldt frisk bris frå nordaust, som skal blåsa mellom åtte og ni meter i sekundet. 

– Det skal ikkje vera noko problem i det heile. Skulle det blåsa opp til 12-15 meter i sekundet, so kanskje me hadde måtte organisera kolonnekøyring der i dag, dersom den tørre snøen ligg laust og blæs godt opp. Men med berre 8-9 meter i sekundet vert nok ikkje det aktuelt, seier Kjetil Larsen i Vegtrafikksentralen.

Han understrekar at han på noverande tidspunkt ikkje har snakka med meteorolog om Tyinfjellet, men gjev informasjon på bakgrunn av det som han vert fortalt av Porten.no at er status på Yr.no.

Han forsikrar at det framleis er stort fokus på fjellovergangen.

–Vegvesenet vil gjera alt det dei kan for å halda han open ved hjelp av kolonnekøyring om det skulle verta naudsynt. 

På yr.no si vêrmelding for Tyinosen torsdag (per klokka 7.55 onsdag) er det meldt eit snøfall, men berre mellom seks om morgonen og tolv på dagen. Det skal lava ned mellom 1,8 og 2,4 millimeter i perioden, jamført prognosen.

– Når det er snakk om tørr snø kan du ganga det med ti, dei millimetermåla tek utgangspunkt i nedbør som fell som regn, seier Larsen.

Men eit snøfall på mellom 18 og 24 millimeter skal ikkje vera noko problem i det heile, forsikrar han.

– Det reinskar me opp i etter kvart med brøytebilane som me har der oppe. 

Slik vêrprognosane er no ser det dimed ikkje ut til å verta noka kolonne torsdag, endå om det blæs ein lett bris medan snøen lavar ned.

– Ein lett bris (4 meter i sekundet) skapar ikkje dei store vanskane, sjølv ikkje i kombinasjon med litt snøvêr, forsikrar Larsen. 

Til toppen