FERDIG MED REINSKEJOBBEN: Fjellsida over Finnsåstunnelen er ferdig reinska etter raset og det har blitt sett opp eit midlertidig fangnett ved tunnelmunningen.

Vegvesenet: – Er ferdige med å reinska fjellsida

Frå måndag av blir det nye opningstider og enklare for trafikantane å ta seg til og frå Årdal. Sjå video frå fjellreinskinga.

Årdal: Statens vegvesen melder fredag at dei er ferdige med å reinska fjellsida over Finnsåstunnelen utanfor Årdalstangen. I tillegg har dei montert eit midlertidig fangnett ved tunnelmunningen.

– Arbeidet med det permanente fangnettet har starta, og me håpar å ha nettet oppe til påske. Det midlertidige nettet er dimensjonert for å stogga mindre steinar, for det skal vera fritt for større steinar oppe i rasløpet no, etter spyling og så reinsk i fleire veker, seier byggjeleiar rassikring Svein Jarle Slinde i Statens vegvesen i ei pressemelding. 

Det permanente nettet blir bygd for å stogga større steinar enn det enn det midlertidige. 

Eit stort steinras 4. januar gjorde at Årdal vart meir eller mindre isolert i fleire dagar. Sidan har innbyggjarane måtte leva med hyppige stengingar, som ein følgje av arbeidet med å få fjerna lause steinar og få montert eit rasnett i fjellsida over tunnelen.

Vegvesenet opplyser no at nye opningstider skal gjera det enklare for trafikantane å komma seg til og frå Årdal frå måndag av.

Måndag og onsdag til søndag kan det bli stengt i periodar på inntil ein halvtime frå 07.00 til 18.30, tysdag frå 07.30 til 12.00. 

Stengetidene vil bli tilpassa rutegåande trafikk, så då er det mogleg å henge seg på bussen om ein vil sleppa ventetid, opplyser vegvesenet.

 

Til toppen