GRØNT LYS: Kommunestyret i Lærdal godkjente masseuttak på Torvmo, noko som betyr at Statens vegvesen kan halde fram arbeidet med oppgraderinga av E16 over Filefjell. Arkivfoto: Statens vegvesen
GRØNT LYS: Kommunestyret i Lærdal godkjente masseuttak på Torvmo, noko som betyr at Statens vegvesen kan halde fram arbeidet med oppgraderinga av E16 over Filefjell. Arkivfoto: Statens vegvesen

Vegvesenet får nytte stein frå Lærdal til E16

Etter ei veke med mykje kontakt med Statens vegvesen, var kommunestyret i Lærdal torsdag tryggare i avgjerda om å godkjenne deltaljreguleringsplanen for masseuttak Torvmo. 

Eitt samrøystes nei til Statens vegvesen sine planar om masseuttak av stein på Torvmo frå formannskapet i Lærdal forrige veke, kunne sett ein stoppar for opprustinga av E16 frå Varpe bru til Smedalssosen over Filefjell. 

NYTTIG: Jan Olav Fretland (SV) meinar det var lurt å seie nei til planen i formannskapet, sidan det no har kome på plass avklaringar i saka.
NYTTIG: Jan Olav Fretland (SV) meinar det var lurt å seie nei til planen i formannskapet, sidan det no har kome på plass avklaringar i saka.

Planen omfattar etablering av uttak for stein og deponering av tunnelmassar på Torvmo. Inntil 350 000 m3 stein i planområdet ønsker vegvesenet å nytte til vegprosjektet på E16. Etterbruken skulle vera regulert til naturformål. 

Jan Olav Fretland (SV) ville som planmyndigheit ikkje vera med å godkjenne deltaljreguleringsplanen for masseuttak på Torvmo, som ligg i høgfjellet i Lærdalsdalen. Bakgrunnen var at det i sakspapira kom fram sterke innvendingar mot saka om at det var uforsvarleg. Då Fretland var i tvil, fremma han forslag om å ikkje godkjenne reguleringsplanen. 

Les også: – Uforsvarleg, sjølv om E16 må fram

Meir opplysningar

I ettertid varla Statens vegvesen at avslaget i formannskapet kunne få konsekvensar for fullføring av vegen, då dei var avhengige av store mengder med massar. Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) seier også at telefonen hans ikkje har stått stille etter formannskapets vedtak. 

Den siste veka har kommunen vore i møte med vegvesenet og det har i tillegg kome fleire brev og innspel til saka. Solheim er nøgd med avklaringane som no har kome på plass. 

I eit ekstraordinært formannskapsmøte før kommunestyret torsdag vart også saka drøfta. 

– Me las saka som nokså negativ. Eg trur det var lurt å ikkje godkjenne planen i formannskapet, då me ikkje var sikre på virkingane. Sjølv om det er ei viktig sak, kan ikkje me gå forbi dei planførestnadane me skal følge som planorgan. Det skal ikkje vera automatikk i å godkjenne reguleringsplanar, sjølv om det Statens vegvesen sine. Eg er glad me gjorde vedtaket og kan no trygt sleppe saka vidare utan bekymring, seier Fretland. 

VURDERING: Johannes Myrmel, sakshandsamar i Lærdal kommune, informerte om stoda under det ekstraordinære formannskapsmøtet torsdag. 
VURDERING: Johannes Myrmel, sakshandsamar i Lærdal kommune, informerte om stoda under det ekstraordinære formannskapsmøtet torsdag. 

Normalt konfliktnivå

Johannes Myrmel, sakshandsamar i Lærdal kommune, seier i kommunestyret torsdag at han tykkjer vegvesenet har laga eit godt forslag til reguleringsplan, med gode utgreiingar om virkningarne. Eitt av punkta kommunen påpeika var at det mangla risiko- og sårbarheitsanalyse på arealbruken i forslaget. I ettertid har det også vore god diskusjon om etterbruken som naturformål. 

– Dette er eit planforslag med eit normalt konfliktnivå. Det er ikkje registrert naturkvalitetar i området som ein må ta høgde for og me konkluderer med at det ikkje er vesentlege problemstillingar som går imot å godkjenne detaljreguleringsplanen, seier Myrmel. 

Kommunestyret snudde

Olav Grøttebø (V) tykkjer saka er godt opplyst.

– Eg er oppteken av miljø og estetikk, og ut i frå saksdokumenta har eg tillit til Statens vegvesen om at dette blir bra. Eg stemmer for å godkjenne planen, seier han. 

STØTTAR: Trond Øyen Einemo (H) har ikkje problem med å støtte saka, no som manglar har komen på plass. 
STØTTAR: Trond Øyen Einemo (H) har ikkje problem med å støtte saka, no som manglar har komen på plass. 

– Då eg las ROS-analysa første gongen, skvatt eg. Der var arbeidsrisiko vurdert og ikkje arealrisikoen. Det har no komen på plass. Eg har tillit til Statens vegvesen, sjølv om dei er som eit lokomotiv når dei først sett i gang. Dei har jobba godt siste veka. Eg har ikkje noko problem med å støtte saka slik den er no, seier Trond Øyen Einemo (H).

Tilrådinga om å godkjenne detaljreguleringsplanen for masseuttak Torvmo vart samrøystes vedteke av kommunestyret torsdag. 

Til toppen