PAKK GODT: Vegvesenet oppmodar bilistar om å pakke bilen rett å minska faren for alvorlege ulukker. Foto: Ron Holan. 
PAKK GODT: Vegvesenet oppmodar bilistar om å pakke bilen rett å minska faren for alvorlege ulukker. Foto: Ron Holan.  (Foto: Ron Holan)

Vegvesenet gir deg fem tips: – Pakk bilen rett og unngå ulukker i påska

Fem enkle tips som vil gjere påsketuren din tryggare.

Indre Sogn: I snitt mistar fire menneske livet i påsketrafikken kvart år i Norge. I Sogn og Fjordane vart ein person skadd då bilen hamna utfor vegen i påska i fjor. Sjølv om tala er relativt låge, ønskjer Statens vegvesen å redusera dei enno meir.

No ønskjer dei å rette merksemda mot korleis du pakkar bilen rett. I påsketrafikken er nemleg fullasta og feil lasta doningar ikkje noko uvanleg syn.

GODE TIPS: Anne Margrethe Bøe i Statens vegvesen seier lause gjenstandar i bilen utgjer ein stor fare for både førar og passasjerar. Foto: Statens vegvesen.

– Skulle bilen måtte bråstoppa vil gjenstandar som ikkje er sikra bli slengde framover. Dette utgjer ein stor fare for føraren og passasjerar. Pakkar og sikrar du bilen rett, kan skadeomfanget bli mindre i mange ulykker, seier Anne Margrethe Bøe i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Sjølv eit kilotungt nettbrett kan utgjere stor fare i ein kollisjon. Om nettbrettet ligg i baksetet, vil det treffe seteryggen med ei kraft på 24 kilo om ein bråstoppar i 50 kilometer i timen. Køyrer du i 70 kilometer i timen vil krafta vere 36 kilo, og heile 96 kilo i 100 kilometer i timen.

Vegvesenet opplyser at dei kjenner til ulykker der personar har overlevd den første kollisjonen, men har omkomme etter å ha blitt trefte av usikra last i bilen.

– All last må sikrast før du køyrer. Me vil at alle skal koma trygt fram for å feira påske, og heim igjen etterpå, seier Bøe.

Sånn lastar du bilen rett:

  • Store gjenstandar skal plasserast i bagasjerommet. Dei bør sikrast med stropper, krokar eller bagasjenett. Oppbevar små gjenstandar i hanskerommet eller under setet.
  • Tunge ting skal plasserast så lågt som muleg i bilen.
  • Legg dei lettaste gjenstandane øvst, men berre opp til nakkestøttene på baksetet.
  • Ikkje oppbevar gjenstandar på hattehylla.
  • Skiboks gir ekstra plass, men eignar seg best til lette gjenstandar. Ein tung skiboks på taket endrar bilen sine køyreeigenskapane til bilen, spesielt i svingar. Følg rettleiinga i instruksjonsheftet om maksimal last, vanlegvis 40 til 90 kilo.
Til toppen