ALL INFORMASJON: Statens vegvesen har samla all informasjon for dei som ferdast på vegen, i eitt digitalt kart som kan bli nytta som reiseplanleggjar.​ Foto: Statens vegvesen. 
ALL INFORMASJON: Statens vegvesen har samla all informasjon for dei som ferdast på vegen, i eitt digitalt kart som kan bli nytta som reiseplanleggjar.​ Foto: Statens vegvesen. 

Vegvesenet har samla informasjon i digitalt kart

Statens vegvesen har samla all informasjon for dei som ferdast på vegen, i eitt digitalt kart som kan bli nytta som reiseplanleggjar.

Sogn: – Styrken ligg for Vegvesenet trafikk at vi kombinerer mange av våre informasjonskjelder i eitt brukargrensesnitt, seier avdelingsdirektør Jacob Trondsen i Vegdirektoratet.

Trafikkmelding om reisetid i byane ligg som standard i det nye kartet, og i menyen kan du også finne bomstasjonar, kamera og vêr- og føremeldingar, fortel Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det nye digitale kartet har ein ruteplanleggjar som ein del av tenesta, og du får i tillegg opp alternative ruter, reisetid (ein del stader), bompengar, ferjestrekning med avgangstid og meldingar om hendingar på vegen. Vegvesenet planlegg også å få inn avgrensingar i høgde, vekt og breidde som ein del av trafikkportalen som vil ha stor nytteverdi for tungtransport.

Den nye tenesta er optimalisert for mobiltelefon, men fungerer også utmerkt på pc og nettbrett. Men det er dermed ikkje sagt at ein kan køyre bil og sjekke mobil på same tid, påpeiker Statens vegvesen. (©NPK)

Til toppen