LEKKASJE: Stundom når denne tanken er ute på oppdrag, subbar han nedi terrenget. Pressekontakt i Statens vegvesen, Per Kristian Åset, spekulerte i om det kunne vera grunnen til at ein saum i nylonduken hadde rivna.
LEKKASJE: Stundom når denne tanken er ute på oppdrag, subbar han nedi terrenget. Pressekontakt i Statens vegvesen, Per Kristian Åset, spekulerte i om det kunne vera grunnen til at ein saum i nylonduken hadde rivna. (Foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen)

Større jobb enn venta: Vegvesenet trur ikkje lenger at vegen vert opna fredag

Dei kunngjer no at ny informasjon omkring forventa opning av vegen fyrst vil koma fredag. 

Årdal: Statens vegvesen melde tysdag at dei satsa på at vegen mellom Årdalstangen og Fodnes kunne verta opna for styrt trafikk fredag. Dei sa då at meir informasjon truleg ville koma torsdag.

No melder vegvesenet at me må venta til fredag med å få meir informasjon. Rune Dvergsdal i Statens vegvesen vil no ikkje spekulera i når han trur vegen kan opnast.

TANKEN LAUT FIKSAST: Vasstanken til helikopteret laut fiksast på grunn av ein lekkasje som vart oppdaga ein halvtime etter at dei var komne i gang med spylearbeidet. Ein del tid gjekk bort i samband med dette.  Bilde:Per Kristian Åset/ Statens vegvesen

To årsaker til forseinkinga i dag

Den eine faktoren er at ein del tid gjekk til spille onsdag i samband med at ein saum i vasstanken gjekk i sund, og vasstanken laut vølast før helikoptermannskapet kunne spyla vidare. 

Ein annan faktor er at dei tre fjellreinskarane frå Mesta fjellsikring har kome over meir lausmasse og steinar enn det dei hadde forventa. 

ALTERNATIV MÅTE Å FÅ NED STEIN PÅ: Medan vasstanken var til reperasjon, nytta vegvesenet denne to tonn tunge stålkula til å denga laus på steinane i fjellet med. Helikoptermannskapet fekk ned ein heil del stein på dette viset òg, men byrja å spyla att so snart tanken var tilbake på plass.  Bilde: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen

– Dei tre fjellklatrararne har registrert at det er endå meir masse som må ned, endå meir enn me visste, seier Dvergsdal. 

Han legg til at morgondagen vil syna fjellreinsklaget og vegvesenet korleis stoda er, når dei får spylt meir. 

Torer ikkje seia når han trur oppryddinga i sjølve vegbanen kan starta

– Når trur du sjølve opprydningsarbeidet av steinmassane i vegbanen kan byrja?

– Det torer eg heller ikkje seia, eg er veldig usikker på dette tidspunktet. Me får sjå etter lunsj i morgon når me har fått spylt meir om me kan seia noko. 

Dvergsdal understrekar at det kom ned store mengder lausmasse frå fjellskrenten, særleg dei siste par timane før skumringa sette stogg for vidare arbeid.  

– No har me fått spylt eit par timar ganske effektivt. Det har kome ned ein del stein. Men det er nok ganske store mengder att der oppe framleis. Det er tre mann der oppe som er i ferd med å ta seg ned frå rasstaden, sa Dvergsdal til Porten om lag klokka kvart på fire om ettermiddagen. 

Det er fyrst når alt spylearbeidet i fjellskråninga er gjort heilt unna at sjølve jobben med å rydda raset vekk frå vegbanen kan gjerast. 

Til toppen