BUSSKONTROLL:  Belte i buss kampanjen gjekk av stabelen førre veke. Totalt kontrollerte Vegvesenet 820 passasjerar i fylket, der 30 av dei fekk bot for manglande beltebruk.
BUSSKONTROLL: Belte i buss kampanjen gjekk av stabelen førre veke. Totalt kontrollerte Vegvesenet 820 passasjerar i fylket, der 30 av dei fekk bot for manglande beltebruk. (Foto: Arkiv / Statens Vegvesen)

Vegvesenet kontrollerte over 800 busspassasjerar i Sogn og Fjordane

30 fekk bot.

Indre Sogn: Totalt 820 busspassasjerar vart kontrollerte under Belte i buss kampanjen som Vegvesenet utførte i Sogn og Fjordane førre veke, skriv dei i ei pressemelding. 

På 60 bussar vart 820 passasjerar kontrollert der 71 var usikra og 30 personar måtte kosta på seg ei bot på 1500 kroner for manglande beltebruk.

På heile vestlandet vart 4372 personar kontrollerte, og totalt 156 fekk bot. 

– Me har skrive ut over 150 gebyr, og det er veldig mykje. Terskelen for å skriva ut eit gebyr på manglande bruk av belte i buss er høg, så eg kjenner at det er eit skuffande bilete me no har på kor medvetne folk er med sikring av seg sjølve når dei tar buss, seier Anne Margrethe Bøe, kampanjeansvarleg i Statens vegvesen region vest. 

Sjåførane er flinke

På vestlandet vart 248 bussjåførar kontrollerte, og av dei var det berre to som sat utan belte. Noko Bøe er nøgd med. 

– Tala seier meg at me kan tenkja på sjåførane som våre ambassadørar for trafikktryggleik. Eg har også snakka med fleire bussjåførar denne veka som stadfestar at dei gjer ein god innsats for å sikra passasjerar og har eit ynskje om å bidra til ei trygg reise, seier Bøe. 

Ho er dog uroa for at det er mange som vel å sitja usikra i buss når dei har moglegheit til å nytta bilbelte. 

– Me arbeider heile tida med å betra trafikktryggleiken på vegane våre, og eg ønskjer at folk skal tenkje på sin eigen og ikkje minst andre sin tryggleik når det ikkje festar beltet, seier ho.

Til toppen