SVINDEL: Statens vegvesen har opna ei ny eining som skal bidra til å førebyggje og avdekkje samfunnsskadeleg og kriminell aktivitet på området. Foto: Arkiv. 
SVINDEL: Statens vegvesen har opna ei ny eining som skal bidra til å førebyggje og avdekkje samfunnsskadeleg og kriminell aktivitet på området. Foto: Arkiv. 

Vegvesenet ønskjer tips om juks og svindel

Statens vegvesen opprettar ei ny eining som skal bidra til å avdekkje juks og svindel innanfor trafikant- og køyretøyområdet, og ønskjer seg tips frå publikum.

  • Endret

Det har vore fleire oppslag i media om svindel med køyretøy og juks på teoriprøver. No opnar vegvesenet ei ny eining som skal bidra til å førebyggje og avdekkje samfunnsskadeleg og kriminell aktivitet på området.

– Vi ønskjer tips om tilfelle der det er grunn til å tru at det går føre seg juks, svindel og kriminelle handlingar innanfor heile trafikant- og køyretøyområdet, seier Jon Molnes i Statens vegvesen som leiar det nye arbeidet.

Dei har oppretta ei eige e-postadresse, krimtips@vegvesen.nofor tips, som dei håpar at mange vil nytte seg av.

Til toppen