GODE RÅD: Arve Rinde (innfelt), avdelingsdirektør for Trafikant og køyretøy i Statens vegvesen, rår folk til å ta det med ro i sommartrafikken. Foto: Porten.no-tipsar/Statens vegvesen.
GODE RÅD: Arve Rinde (innfelt), avdelingsdirektør for Trafikant og køyretøy i Statens vegvesen, rår folk til å ta det med ro i sommartrafikken. Foto: Porten.no-tipsar/Statens vegvesen. (Bilde: Porten.no-tipsar/Statens vegvesen)

Vegvesenet oppmodar: Ver mindre travel i ferietrafikken

Sommaren er høgsesong for trafikkulykker. Her gir Statens vegvesen deg dei beste råda for at du skal kome deg trygt fram.

Leikanger: Her på Vestlandet er bubilar og campingvognar eit sikkert sommarteikn. Svingete og uoversiktlege vegar gjer det i tillegg vanskeleg å køyre forbi, sjølv om det går sakte foran. 

I ei pressemelding ber difor Statens vegvesen travle bilistar om å skru ned tempoet.

God råd på vegen:

 

  • Still deg alltid spørsmålet - Treng eg å køyre forbi?
  • Skal du nå ferje – berekne alltid litt ekstra tid så du ikkje må gasse på for å nå avgangen din.
  • Er ein fleire i bilen – del på køyringa.
  • Ta hyppige pausar.

Kjelde: Statens vegvesen

– Eg vil rå alle bilførarar til å tenkje seg om to gongar, om det faktisk er verdt å utsette seg sjølv og andre for den store risikoen det er å gjennomføra ei forbikøyring i det heile, berre for å spare eit minutt eller to, seier Arve Rinde, avdelingsdirektør for Trafikant og køyretøy.

Trass dødsulukka søndag og fleire stygge hendingar på vegane dei siste dagane, er talet dødsulykker til no i sommar langt lågare enn vanleg. Til saman har fjorten personar mista livet i sommartrafikken så langt, mot tjueseks på same tid i fjor.

Likevel viser statistikken at ulukker skjer langt hyppigare om sommaren enn resten av året og at møteulukker er dei mest vanlege. Når det gjeld utforkøyringar er det oftast eldre bak rattet og innsovning som er årsaka.

– Vi veit at søvn er eit kjent problem om sommaren når mange køyrer mykje og langt. Nytt høvet til å parkere og ta ein velfortent kvil undervegs, oppfordrar Rinde.  

Menn er overrepresenterte i statistikken over dødsulukker i trafikken. I 2016 omkom 135 personar i trafikken, heile 82 prosent var menn i alderen 45-64 år.

– Det er sikkert mange gode forklaringar på kvifor det er slik, men mi oppmoding er enkel: gje rattet til kvinna i bilen, seier Rinde.

Til toppen