LITE VEKEKVILE: Gunnar Brevik i Statens vegvesen seier dei så langt i år har tatt mange sjåførar av turbussar som kviler altfor lite i løpet av ei veke. – Me har opplevd å stoppa bussjåførar som har køyrt frå mai til oktober utan ein gyldig vekekvile, seier han.
LITE VEKEKVILE: Gunnar Brevik i Statens vegvesen seier dei så langt i år har tatt mange sjåførar av turbussar som kviler altfor lite i løpet av ei veke. – Me har opplevd å stoppa bussjåførar som har køyrt frå mai til oktober utan ein gyldig vekekvile, seier han. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Vegvesenet: – Sjåførar av turbussar kviler for lite

Statens vegvesen har stoppa turbussjåførar som har køyrt frå mai til oktober utan ein einaste gyldig vekekvile.

Lærdal: Det fortel Gunnar Brevik som jobbar med å kontrollere køyretøy på kontrollstasjonen til Vegvesenet på Håbakken i Lærdal. Seinast måndag vart to sjåførar meld til politiet for manglande vekekvile.

Førar av tunge køyretøy må ta naudsynte pausar og ikkje køyre for lenge. Dette vert regulert gjennom pålagt døgnkvile og vekekvile i eit felles europeisk regelverk og vert registrert ved hjelp av fartsskrivarar i køyretøyet.

Sjå faktaboks for meir informasjon vekekvile.

For yrkessjåførar er det lov til å køyre seks 24-timarsperiodar før sjåføren skal ha ny vekekvile, men for persontransport er det eit unntak som seier at éin enkeltståande internasjonal tur kan vere inntil tolv  24-timarsperiodar. Dersom ein førar skal gjennomføre ein slik enkeltståande internasjonal tur med ei gruppe turistar, er det krav om ein normal vekekvile (45 timar) før turen startar, samt ein normal pluss ein redusert (69 timar) etter at turen er avslutta.

JUKSAR: Gunnar Brevik i Statens vegvesen opplever å ta mange sjåførar av turbussar med for lite vekekvile. 
JUKSAR: Gunnar Brevik i Statens vegvesen opplever å ta mange sjåførar av turbussar med for lite vekekvile. 

– Det er fordi enkelte turoperatørar tilbyr turar som er lengre enn seks dagar. Då er det enklast med same sjåføren heile vegen, men då er det reglar som seier at sjåføren skal kvile ekstra mykje både før og etter turen, seier Brevik.

Aldri eller sjeldan nok vekekvile

I staden oppdagar han og kollegaene ved kontrollstasjonen på Håbakken stadig tilfelle der sjåføren har hatt for lite vekekvile. 

– Aldri eller sjeldan gjennomfører dei den normale vekekvilen, og i tillegg køyrer dei tolvdagarsturar som ikkje er heimla i lov. Det vil seie at dei byttar gruppe undervegs. Det prøver dei å skjule. 

– Korleis kan de finne ut av det?

– Då er det den gode samtalen som gjeld. Dessutan er det eit krav med slike tolvdagarsturar at dei kan dokumentere passasjerlista. Den finn me sjeldan når det er snakk om to grupper, svarar han.

Konkurransevridande effekt

Lite vekekvile er nødvendigvis ikkje ein like stor trafikkfare som lite døgnkvile, men det har ein konkurransevridande effekt. Ei av oppgåvene til Vegvesenet er å sikre like vilkår slik at ein ikkje får enkelte selskap som køyrer og køyrer, medan andre følgjer lovverket. 

Artikkelen held fram under biletet.

KONKURRANSE: Lite vekekvile må ikkje vere trafikkfarleg, men det har ein konkurransevridande effekt, der nokre selskap konkurrer på andre, lovstridige, vilkår ved å kvile for lite. 
KONKURRANSE: Lite vekekvile må ikkje vere trafikkfarleg, men det har ein konkurransevridande effekt, der nokre selskap konkurrer på andre, lovstridige, vilkår ved å kvile for lite. 

– Det kan gå så langt at det blir trafikkfarleg også. Ein vekekvile skal vera ein periode på minst 24 timar som sjåføren kan benytte fritt. Viss han eller ho aldri får den kvilen, kan det bli trafikkfarleg til slutt også. 

– Føler seg pressa

Brevik trur årsaka til at dette skjer er samansett. Sett frå sjåføren sin ståstad kan dette handle om å tene mest pengar.

– Men det kan henda han ønskjer kvilen sin, men ikkje får. Det kan henda han har dårleg betalt. Det er mange sider av det. Me har opplevd å stoppa bussjåførar som har køyrt frå mai til oktober utan ein gyldig vekekvile. Nokre seier tydeleg at dei blir pressa til det og at dei mistar jobben om dei ikkje gjer det gjennomfører turane dei vert pålagde.

– Me spør om dei vil vitne, og nokon gjer det, men det kan bli eit problem fordi det kan gå ut over løna deira, eller dei kan mista arbeidet. Sannsynlegvis føler dei seg pressa. Enkelte sjåførar har knapt nok kontakt med eige firma, men med turoperatør. Me ser at guidane har stor makt over sjåføren, seier Brevik.

Håpar det lukar ut useriøse aktørane

Som på måndag resultere manglande vekekvile i at sjåføren blir meld til politiet. I det eine tilfellet måndag vart også transportforetaket meld. 

– Me har allereie i år pålagt mange 45-timarskvilar. Me òg skjønnar at det kan vere eit problem for operatørane, der guide og turistar må skaffe seg ny sjåfør, noko som ikkje er gjort med eit knips på Vestlandet. Då ender det ofte med at me har 40-50 turistar som går her og trør. Det er ikkje noko moro for ein sjåfør. 

– Men det råkar transportforetaket, og det er kanskje det einaste som på sikt kan luke ut dei useriøse aktørane i turistbussbransjen. Me vel å tru at det vert diskusjonar mellom transportforetak og turoperatør når slike situasjonar oppstår. Det kviler eit ansvar på både foretak, men også på turoperatør, at føraren kan følgje reglane om køyre- og kviletid. Det framgår av forordninga at desse skal sikre at avtalte transporttidsavtalar er i samsvar med denne forordninga. I svært mange tilfelle vert føraren råka. Kontrollørane lyt berre fortsette å gjere jobben sin og håpa at sjåførane etter kvart skal få det betre, avsluttar Brevik.

Til toppen