MYKJE MASSAR: Vatnet tok med seg massar både frå deponiet Statens Vegvesen har liggjande att etter Lærdalstunnelen (haugane til høgre) og naturlege massar frå elvekanten rundt Kuvelda, som renn gjennom Tynjadalen. Arkivfoto
MYKJE MASSAR: Vatnet tok med seg massar både frå deponiet Statens Vegvesen har liggjande att etter Lærdalstunnelen (haugane til høgre) og naturlege massar frå elvekanten rundt Kuvelda, som renn gjennom Tynjadalen. Arkivfoto

Vegvesenet skal byggja voll for å sikra deponiet mot flaum

Mest naturlege massar men også ein del massar frå deponiet Statens Vegvesen har etter arbeidet med Lærdalstunnelen reiste i flaumen oktober 2014. No skal tiltak setjast i verk.

Lærdal: Inst i Tynjadalen ligg massedeponiet etter at Lærdalstunnelen vart sprengt ut sist på 90-talet. Under flaumen oktober 2014 gjekk sideelva Kuvelda, som renn i dalbotnen i underkant av deponiet, langt over sine breidder og tok med seg den nedste fliken av deponiet. 

– Statens Vegvesen vil byggja ein voll på om lag 400 meter, denne blir plastra med steinar og vil ha ei høgde på mellom to til fem meter. Det er elles vanskeleg å sikra seg mot alle naturhendingar som kan koma til å inntreffa, seier prosjektleiar Leif Henning Øyre i Statens Vegvesen.

– I elva ovanfor massedeponiet har det tydeligvis gått fleire skred ned mot elva. Ein antek at massane frå disse skreda har skapt ei oppdemming av elveløpet. Dette er ein typisk årsak for utløysing av flaumskred, seier Øyre vidare og held fram: 

– Når lausmassane har blitt for oppbløytt og fått for mykje vasstrykk i bakkant har oppdemminga kollapsa og eit flaumskred har vorte sette i bevegelse. Når skredet har bevega seg nedover mot massedeponiet har dette drege med seg store mengder lausmasser, dette særskilt frå nokre smale gjel langs elva.

Les også: Finmassane forringar oppvekstvilkåra for fisken i Lærdalselvi

ERODERT: Oversiktsbilete som syner korleis elva Kuvdelda har erodert og teke med seg massar frå nedste delen av deponiet Vegvesenet har i Tynjadalen. Privat foto
ERODERT: Oversiktsbilete som syner korleis elva Kuvdelda har erodert og teke med seg massar frå nedste delen av deponiet Vegvesenet har i Tynjadalen. Privat foto

– Vanskeleg å anslå kor mykje massar som vart sett i rørsle

Fronten på skredet har så treft massedeponiet og erodert i dette.

– Det har blitt avsett store mengder masser i elveløpet og dette området har blitt heva ein god del, forklarar Øyre vidare. 

– Kor mykje massar forsvann frå deponiet?

– Det er vanskeleg å anslå kor mykje massar som vart sett i rørsle ned i elva. Ut frå bilete før og etter skredhendinga ser vi at dette i hovudsak er naturlege massar, og berre i liten grad tunnelmassar. 

Skal utføra arbeidet i haust/vinter

For å i størst mogleg grad unngå at dette skal skje på ny, vil Vegvesenet byggja denne 400 meter lange vollen som skal demma opp mellom Kuvelda og massedeponiet.

– Tidspunkt for utføring av arbeidet må avklarast med dei som forvaltar elva. Ein vonar det let seg gjera å få utført nokre arbeid i vår, største delen av arbeidet vil bli utført hausten/vinteren 2017/18

Det har også vore framlegg om å byggja opp sokalla fangdammar i Kuvelda langt nede i Tynjadalen. Desse fangdammane skal stoppa massar som kjem med elva, slik at dei ikkje hamnar nede i sjølve Lærdalselvi. 

Les også: Massar frå storflaumen trugar elvebotnen i Lærdalselvi

Øyre seier det ikkje ligg føre konkrete planar om permanente fangdammar:

– Statens Vegvesen skal utføra arbeida på ein forsvarleg og god måte, i dette ligg det ikkje at det skal byggjast ein permanent fangdam.

Til toppen