Aurland/Lærdal: Tunnelane på Vestlandet skal bli tryggare, når rundt 150 tunnelar får ny utrusting. Oppgraderingsprosjektet tok til i 2015, og tunnelane på E16 og E39 skal etter planen vera ferdig oppgraderte i 2020, fylkesvegtunnelane i 2025.
Kombinasjonen til dels gamle tunnelar, auka trafikk og strengare forskrifter har tvinga fram det omfattande arbeidet.

I Sogn skal Seltatunnelen, Borgundstunnelen og Lærdalstunnelen i Lærdal utbetrast, i Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen i Aurland er arbeidet i gang, medan Onstadtunnelen og Fretheimtunnelen i same kommune er ferdigstilte.
– Akkurat kva arbeid som skal utførast vil variera. Det blir laga eigne tiltaksplanar for kvar einskild tunnel, der ein tek omsyn til faktorar som alder, lengd, trafikkmengd og standard, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.
Slutt på nattestenging ein plass, oppstart i naboen
I februar 2018 startar elektroarbeidet i Gudvangatunnelen. Det siste året har tunnelen vore stengd i opp til tre timar seks netter i veka på grunn av sprenging. Dette arbeidet er forventa avslutta i februar, og då er det samstundes slutt på nattestengingane. Ein ny entreprenør kjem inn i mars for å installera den naudsynte elektronikken i tunnelen. Dette arbeidet skal vera ferdig seint i 2019.
– Denne 11 kilometer lange tunnelen på E16 i Aurland byr på utfordringar for entreprenørane, både grunna stor lengd og arbeidsmengd, og fordi dette er ei trafikkert strekning utan omkøyringsmoglegheiter, skriv vegvesenet.
I år startar endeleg arbeidet opp i Flenjatunnelen. Han har måtta venta medan entreprenørane arbeidde på andre tunnelar i kommunen. Sprengingsarbeidet skal etter planen starta på vårparten, noko som nok vil føra til lengre nattestengingar.
– Det vil truleg bli sams kolonnekøyring gjennom Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen i denne perioden, skriv vegvesenet.