Sogndal: Statens vegvesen melder onsdag at dei har starta opp planlegging av ny veg mellom Sogndal og Kaupanger, og vurderer tunnel på store delar av strekninga.
– Me har førebels sett på tre område nede ved Loftesnesbrui og på Hagalandet der ein tunnel kan gå inn, og me har sett oss ut tre område mellom Valeberg og Vestreim der me kan koma ut med tunnel. Det er viktig å merka seg at dette er dei første skissene. Alternativ kan bli uaktuelle, og nye kan koma til, seier planleggingsleiar Ingar Hals i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det er òg skissert eit alternativ der riksvegen blir lagt bak industriområdet på Kaupanger, så i ein kort tunnel gjennom fjellet, før han kjem inn att på den eksisterande Mannhellervegen.
- Les òg: Navarsete besøkte brua: – Eit smykke for Sogndal
- Les òg: Sogndalsordføraren: – Brua må koma ei gong
Ikkje med i NTP
Vegen mellom Loftesnes og Kaupanger har bratt stigning, krappe svingar, utfordrande kryss og farleg sideterreng. Farten på store delar av vegen er difor sett ned til 70 km/t.
Planarbeidet vil gje ein oversikt over kva alternativ som er aktuelle på strekninga.
– Ei oppgradering av vegstandarden vil gje høgare trafikktryggleik og betre framkome. Ny veg vil òg gje tettare band mellom Sogndal og Kaupanger lokalt, og verka positivt på næringsutvikling og arbeidsmarknad, seier planleggingsleiar Hals i pressemeldinga.
Ifølgje vegvesenet nyttar 5000 bilar strekninga kvar dag.

Startar boring i november
Strekninga har vore spelt inn til Nasjonal Transportplan, men har ikkje vorte teken med.
Planarbeidet er satt i gang etter ønskje frå Sogndal kommune. Både på Hagalandet og på Kaupanger ønskjer kommunen å vita kor ein framtidig trasé vil koma for at så lite areal som mogleg skal vera bandlagt.
Arbeidet med planane vil starte med grunnboring og seismikkundersøkingar i slutten av november. Aktuelle grunneigarar vil bli varsla før oppstart.

– Grunnundersøkingane vil gje svar på kva område som eignar seg for tunnelinnslag og massefylling, og ut frå dette kan nokre alternativ bli kutta ut eller justert, skriv vegvesenet.
Prosessen vidare
Formell oppstart av planarbeidet vil bli i slutten av november, eller starten av desember. Då vil vegvesenet legga eit utkast til planprogram ut på høyring.
– I samråd med Sogndal kommune vil me i høyringsperioden laga eit opplegg for at busette og næringsliv kan gje innspel på aktuelle alternativ og løysingar, seier planleggingsleiaren.
Etter at planprogrammet er vedteke i februar, vil det bli avklara kva alternativ som skal vera med vidare i planarbeidet. Sjølve kommunedelplanen vil bli sendt på høyring hausten 2019, og vil bli vedteken av Sogndal kommune vinteren 2020.
Områda ved det vedtekne alternativet vil då vere bandlagde fram mot bygging av vegen. Ut frå gjeldande Nasjonal transportplan vil dette vera tidlegast i 2030.