STERK YTEEVNE: Helikopteret "Obelix" har ein større vasstank enn noko anna helikopter her til lands. Det kan òg gjera fire gonger så tung lyft som dei fleste andre helikopter. Onsdag morgon er det i gong med å spyla i Årdal.
STERK YTEEVNE: Helikopteret "Obelix" har ein større vasstank enn noko anna helikopter her til lands. Det kan òg gjera fire gonger så tung lyft som dei fleste andre helikopter. Onsdag morgon er det i gong med å spyla i Årdal. (Foto: Tom Østrem)

Vegvesenet svarar på kritikken frå Talle: -Heile spylejobben lét seg ikkje gjera utan å få det store helikopteret på plass

Onsdag morgon litt etter klokka halv ti skal Noregs største helikopter, «Obelix», ta fatt på oppdraget i Årdal. 

Årdal: – Dersom vegen opnar for trafikk fredag, slik Vegvesenet har sagt at dei håpar på, so tel me ni dagar sidan raset skjedde. Ni dagar på å få opna ein veg, det er heilt uhøyrt, seier Steinar Talle, fabrikksjefen til Norsun i Årdal.

Fabrikken på Årdalstangen er heilt avhengig av lastebiltransport, både for å få levert varene og for å få inn naudsynte material og råvarer til å drifta fabrikken. 

– Det er ikkje godt nok å bruka åtte dagar på å opna ein veg når eit ras stengjer 5300 innbyggjarar inne, når me ikkje ein gong har ein rasberedskap.

 – Kva seier du til grunngjevinga vegvesenet har kome med? At det fyrste helikopteret ikkje hadde stor nok vasstank til å gjera jobben, og at det ikkje var mogleg å få på plass eit kraftig nok helikopter før onsdag?

Eg forstår at dei laut venta på eit større helikopter. Men eg meiner dei kunne brukt det helikopteret som dei disponerte førre fredagen meir aktivt. Dei kunne nytta det kontinuerleg og raskare når dei hadde det.

Talle meiner dei i det minste burde ha kome lenger i arbeidet fredagen, slik at det er mindre att å gjera for det store helikopteret.

No skal ikkje eg seia at eg har kunnskapar om opprydning av ras. Men på meg verkar det alt for ineffektivt. Også med tanke på kor lang tid det tok å koma i gong med arbeida etter at raset gjekk i halv-totida torsdagen. 

Fabrikksjefen er usikker på om vegen i det heile opnar fredag. 

– No har det vore so mange utsetjingar alt, at eg vert litt i tvil over om me verkeleg kjem dit at vegen kan opna fredag. Men eg håpar på det.  

Rune Dvergsdal frå Statens vegvesen svarar på kritikken

– Det fyrste helikopteret som var på plass fredag, fekk ikkje ned meir lausmasse enn det gjorde. Det var so liten kapasitet på vasstanken. Når me ikkje fekk ned meir, so var det ikkje so mykje å gjera, seier Rune Dvergsdal.

Han fortel at helikopteret fylte tanken med vatn frå fjorden heile 76 gonger fredag og spylte i skråningen, men at det ikkje mona.

Men likevel makta ikkje helikopteret å spyla alt vekk.

Dei siste par timane dei spylte, so losna det ikkje meir masse frå fjellsida, og dermed rutsja det ikkje ned meir utfor skråninga. 

Det er stor skilnad på ein tank på 1000 liter og 3000 liter når det gjeld trykket. Når me får spylt frå det nye helikopteret vert det med eit sterkare trykk. Då vil må få spylt vekk det som ikkje lét seg fjerna fredagen. 

Ikkje berre er det mykje jord som ligg att, men òg veldig mykje stein, både mindre steinar og litt større.

– Då fjellreinskarane klarte å ta seg opp på laurdag, såg dei at det låg mykje meir att der enn me trudde, og det som låg att var laust. Det viktigaste er at me får alt saman vekk frå raslaupet. Får me det ikkje vekk no, vil det koma rennande ned seinare.

Til toppen