KOLONNEKØYRING: Folk må førebu seg på kolonnekøyring i påska. Foto:arkiv
KOLONNEKØYRING: Folk må førebu seg på kolonnekøyring i påska. Foto:arkiv (Foto: Ron Holan)

Vegvesenet: Ta med varme klede, mat og spade

Det er mykje snø på fjellovergangane, og folk som skal ut og køyre i påska, bør ruste seg for ventetid ved kolonnekøyring, er rådet frå Vegtrafikksentralen.

Dei siste åra har påskeutfarten vakse, men det har ikkje vore store toppar i trafikkmengda, opplyser operatør Christofa Key-Nilsen ved Vegtrafikksentralen i Oslo til NTB.

Første topp fredag

– Vi vil sjå ein topp fredag, og så trafikk gjennom helga, og måndag til onsdag. Men ved heimfarten skal alle reise samtidig, seier ho.

Særleg dersom det er fint vêr, utset mange heimturen i det lengste. Vegvesenet ventar også ein del trafikk nedover i Østfold til Sverige og andre vegen skjærtorsdag.

Operatøren ber folk sette seg inn i korleis forholda er på strekningen dei skal køyre, både når det gjeld vegarbeid og køyreforhold.

– Ver førebudd på kolonnekøyring dersom du skal over fjellovergangar. Det er framleis mykje snø. Ha nok drivstoff, varme klede, mat og spade. Dette kan aldri nemnast ofte nok. Plutseleg står ein der, og ventetida kan vere lang, seier Key-Nilsen.

Kan bli mykje venting

Tidlegare i vinter var det inntil ti timars venting for å få køyre E134 over Haukelifjell. Grunnen var blant anna at dårleg sikt gjorde at brøytemannskapa kunne ta med seg færre bilar i kvar kolonne og måtte køyre saktare.

– Vi veit at det blir ein del dårleg vêr i nord. Det er lurt å sjekke forholda, seier operatøren.

For alle, også dei som ferdast i låglandet, er oppfordringa elles klar:

– Ikkje stress, og hald køen. Bruk god tid, og ikkje køyr forbi der det er uoversiktleg. (©NPK)

Til toppen