KOMMUNIKASJON: Fv. 50 Hol-Aurland har i dag ikkje radiosamband i det heile, men i løpet av hausten blir det mogleg å kommunisera over det nye nødnettet her. Foto: Statens Vegvesen
KOMMUNIKASJON: Fv. 50 Hol-Aurland har i dag ikkje radiosamband i det heile, men i løpet av hausten blir det mogleg å kommunisera over det nye nødnettet her. Foto: Statens Vegvesen

Vegvesenet tek i bruk nødnett på fjellovergangar

Statens vegvesen tek i bruk det nye nødnettet i kriseorganisasjonen over heile landet, i tillegg til på seks fjellovergangar.

Fjellovergangane Hardangervidda (riksveg 7), Hol-Aurland (fylkesveg 50), Vikafjellet (riksveg 13) og Bekkarfjord-Hopseidet (fylkesveg 888) er i dag enten heilt utan radiosamband, eller det er store manglar.

Vegdirektoratet låner derfor 30 radioterminalar frå  Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) slik at det blir mogleg å kommunisere over det nye nødnettet på desse fjellovergangane allereie i haust. Vegvesenet skal bestille rundt 200 radioterminalar i desember.

– Vi treng eit robust radiosamband som fungerer både i det daglege og i kriser. I tillegg vil nødnettet gi oss tilnærma full dekning langs riksvegar, europavegar og fylkesvegar i tillegg til i byar og tettstader, fortel Bjørn Vidar Saltrø, ansvarleg for innføringa av nødnettet i etaten.

 

Til toppen