FILEFJELL: Vegvesenet tek over kontrakten på siste delstrekninga på E16 Filefjell.
FILEFJELL: Vegvesenet tek over kontrakten på siste delstrekninga på E16 Filefjell. (Foto: Statens vegvesen)

Vegvesenet bryt med spansk firma, tek over Filefjell-tunnel trass manglar

På siste delstrekninga på E16 Filefjell, Øye–Eidsbru, har utfordringane stått i kø. Sjølv om den spanske entreprenøren Aldesa ikkje var heilt ferdig med elektrojobben, har Statens vegvesen valt å overta prosjektet med manglar.

Filefjell: Etter at Aldesa langt på veg var ferdige med det elektrotekniske i Rødølstunnelen, var det stor spenning då Statens vegvesen skulle starte å teste sikkerheitssystemet i vinter, skriv dei i ei pressemelding

– Diverre har ikkje testane vist tilfredsstillande resultat. Når Aldesa no har fått fleire forsøk på oppretting dei siste vekene, utan fullgodt resultat, så har vegvesenet valt å avslutte kontraktsforholdet ved å overta arbeidet med mangelliste, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell.

TUNNEL: Arbeidet i Rødølstunnelen har blitt utsett ei rekkje gonger. Foto: Statens vegvesen

Aldesa har hatt frist til 30. april 2020 med å rette opp i manglane. Dersom det etter denne dagen gjenstår manglar som for eksempel programmering, vil desse bli utførte med eigne ressursar, eventuelt i kombinasjon med ny leverandør.

Entreprenøren har no jobba i rundt halvanna år med elektroinstallasjon i den 2,1 km lange tunnelen.

Tek over kontrakt med manglar

– Normalt vil det gå lengre tid å bli ferdig med ein ny aktør i tunnelen, men i dette tilfellet er me nøydde til å gå for eit sikrare alternativ. Sidan mesteparten av det elektrotekniske arbeidet er på plass i Rødølstunnelen, har me valt å gå for ei overtaking i staden for heving av kontraktsarbeidet, som kunne vore ein anna utveg, seier Haugen.

Heving av kontrakten har vore til vurdering tidlegare, til dømes vinteren 2019. Den gong var vurderinga at med ny entreprenør ville det ta omlag 13 månader før det hadde vore mogleg å få trafikkopning.

Den gong kunne ikkje byggherren førestilla seg at Aldesa ikkje kunne bli klar før vintersesongen 2019 og 2020. Difor vart valet å halde fram med Aldesa, men med heving vinteren 2019 så ville det svært truleg vore trafikkopning i desse dagar.

Blei først avvist

I tilbodskonkurransen vart den spanske entreprenøren Aldesa avvist i første omgang, slik at entreprenør nummer to på tilbodslista vart tildelt oppdraget. Etter klage frå Aldesa og nye interne vurderingar, fekk prosjektleiinga tydeleg råd om at anskaffingsregelverket ikkje kunne tolkast så strengt som dei hadde gjort. I praksis var berre tilbydarar med erfaring frå norske vegtunnelar, knytta opp mot norsk vegtrafikksentral, som kunne delta i konkurransen.

Det var enkelt forklart hovudgrunngjevinga for at tildelingsavgjerda vart omgjort.

– Denne omgjeringa var nok rett i følgje offentleg innkjøpsregelverk, seier prosjektleiar Haugen.

Uvisst når vegen opnar

Statens vegvesen beklagar forseinkinga til trafikkantar og naboar av E16 i Øye som sårt ventar på at trafikken blir flytta vekk frå gardstuna.

– Det positive, når det først «har balla seg til», er at dette oppstod på ein delstrekning på E16 Filefjell som har liten betydning for regulariteten over fjellet. For trafikkavviklinga og regulariteten på E16 Filefjell har vore god dei siste vintrane, seier Haugen.

Det blir først i månadsskiftet april og mai, når det blir klart kva manglar som må fiksast av nye aktørar, at vegvesenet kan gje ein dato for når vegen kan opne. Så langt har koronasituasjonen hindra arbeidet lite, men den gjer situasjonen endå meir uklar.

Til toppen