VILLE AUKE FARTSGRENSA: Statens vegvesen ville setja opp fartsgrensa frå 60 km/t til 70 km/t på E16 ved Ljøsne skule i Lærdal. Det vart nedstemd i kommunestyret.
VILLE AUKE FARTSGRENSA: Statens vegvesen ville setja opp fartsgrensa frå 60 km/t til 70 km/t på E16 ved Ljøsne skule i Lærdal. Det vart nedstemd i kommunestyret. (Foto: Arkiv)

Vegvesenet ville auka fartsgrensa på Ljøsne

Det vart nedstemt av kommunen.

Lærdal: Statens vegvesen ønskja å setja opp fartsgrensa på E16 ved Ljøsne skule. Fartsgrensa på staden er 60 km/t og Vegvesenet føreslo å setje den opp til 70 km/t.

Dette fekk reagerte kommunen negativt på, og under handsaming av saka vedtok kommunestyret følgjande:

– Kommunestyret vedtek at kommunen stiller seg negativ til å endre fartsgrensa på E16 på Ljøsne.

Mange årsaker til å stemma nei

Lærdal kommune grunnla avgjersla med å behalda 60-sona med å påpeika at det er både bustadhus og landbruksdrift på begge sider av vegen. 

Husa ligg tett på vegen og det er fleire avkøyrsler på strekka. Det er òg stor fare for viltpåkøyrsle samt vil det verta auka støyproblematikk ved å setja opp farta, ifølgje kommunen. 

På bakgrunn av uttala frå kommunen endrar ikkje Statens vegvesen fartsgrensa.

Til toppen