Veit du kvar fotografen står denne veka?

Veit du kvar fotografen står denne veka?

No har du sjansen til å vinne flotte premiar.

  • Endret

Kvar veke kjem Porten.no til å legge ut bilete frå ulike stader i regionen. Spørsmåla vil variere for kvart bilete. 

Klarar du å svare på spørsmåla i konkurransen, kan du vinne flotte premiar. 

Ny konkurranse kjem kvar helg. 

Send svarte til konkurranse@porten.no. Hugs å ta med adressa di!

Veke 7

På biletet ser ein fjellet Bleia, men kva heiter turdestinasjonen som biletet er teke frå? 

Veke 6

Kva heiter staden dette biletet er teke frå? Riktig svar var det få som hadde, men Solrunn Buene Røysi visste at dette var Kinsedalen.

Veke 5

Kva heiter den snødekte toppen til høgre i biletet? Riktig svar var toppen av Solvornnipa, noko Bjarte Frækaland visste.

Veke 4

Kva fjell ser me toppen av på dette biletet? Me godtok både Bøttejuv og Skårsfjellet. Anne Kauppi frå Årdalstangen med riktig svar. 

Veke 3

Kvar er denne utstillinga? Den er i Øyragata i Lærdal, noko Margrete Oline Horge visste. 

Veke 2

Kvar står fotografen? Det riktige svaret var Henjum, og det visste José Rockland frå Lærdal.

Til toppen