INGEN EIGAR: I januar dukka denne katten plutseleg opp hjå Elisabeth Styve, som har prøvd å finna ut kven som eigde han utan hell. Foto: Privat.
INGEN EIGAR: I januar dukka denne katten plutseleg opp hjå Elisabeth Styve, som har prøvd å finna ut kven som eigde han utan hell. Foto: Privat.

Veit du kven som eig denne katten?

Ein vinterdag i januar dukka denne katten opp hjå Elisabeth Styve. Framleis har dei ikkje funne ut kven som eig katten.

– Me er litt usikre på om det er ein villkatt eller om det er nokon som eig han, men eg synest han er litt for fin til å vera ein villkatt, seier Styve.

Ein kveld i januar dukka det plutseleg opp ein katt utanfor huset hennar. Katten var veldig sky og gøymde seg unna. I starten gav dei han ikkje mat, men dag etter dag kom han tilbake.

I over fire månader har hankatten no vore innom ein eller fleire gonger for dagen for å få mat. 

Trur nokon har eigd katten

– Me hadde ein annan katt, som me sette ut mat til, og som gjekk her for dyrevernslaget, så han tok nok sikkert litt frå den i starten. Det var tydeleg at denne katten ikkje var kastrert, fortel Styve, som etter kvart kontakta Randi Aarethun, leiar i Indre Sogn Dyrevernslag.

Artikkelen held fram under biletet.

DYREVEN: Då ein katt plutseleg byrja å dukke opp dagleg hjå Elisabeth Styve i januar, gav ho han mat og hadde han til dyrlegen for å få han kastrert og chippa. Dette er ein annan katt ho har.
DYREVEN: Då ein katt plutseleg byrja å dukke opp dagleg hjå Elisabeth Styve i januar, gav ho han mat og hadde han til dyrlegen for å få han kastrert og chippa. Dette er ein annan katt ho har.

Ho trur denne katten ikkje er ein villkatt etter oppførselen å dømma. Ein teori kan vera at han er blitt skremd av rakettar sidan den dukka opp i januar.

– Viss dette er ein katt som er fødd ute og aldri vore i menneskehender, vil det ofte vera slik at dei gøymer seg, men denne katten har til og med gått inn i stova til Elisabeth, så eg trur han har hatt ein eigar. Men det er ingen som har vendt seg til oss, seier Aarethun, som fortel at dei har gjort nesten alt dei kan for å finna eigaren.

Kastrert og chippa

Katten er no både kastrert og chippa hjå dyrlegen, som meinte han var rundt 3-4 år gamal, og Styve fortel at han sakte, men sikkert har blitt tammare og tammare.

– Han har veldig lyst til å gå inn når han ser dei andre kattane gjer det, men han tør ikkje. Han har vore nett inne på golvet, men når eg kjem med mat, går han ut att og set seg og ventar. Her om dagen var han inne og tok seg ein god runde, men han er litt redd TV-en, og difor lurer eg på om han har vore i hus før, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet.

VILLKATT: Både Elisabeth Styve og Randi Aarethun trur katten har hatt ein eigar tidlegare og ikkje er ein villkatt.
VILLKATT: Både Elisabeth Styve og Randi Aarethun trur katten har hatt ein eigar tidlegare og ikkje er ein villkatt.

Styve har to kattar frå før og har sagt seg villig til å ta vare på denne dersom dei ikkje finn andre som kan ta seg av katten. 

– Tenk dykk om

Anten om denne katten er ein villkatt eller har hatt eigarar før, ber ho folk som ønskjer seg katt om å kontakte Dyrevernslaget først.

– Folk må tenkja seg om før dei får seg ein katt, for ein skal ha dyret i mange år. Kattar kan jo bli 20 år gamle. Det er ikkje slik at dei berre kan dumpa dei viss dei ikkje vil ha dei lenger, seier Styve.

– Det er noko med at dei er søte og små når dei er kattungar, og så er det ikkje så stas når dei blir store. Det er berre ein liten periode dei er små. Eg vil heller anbefala folk om få ein katt frå Dyrevernslaget som treng ein heim. Det er ikkje alle som er redde. Nokon har gitt vekk katten sin til dei på grunn av allergiar eller andre årsaker. 

Plikt til å hjelpa

KJEM ATT: Kvar dag kjem katten att og får mat av Elisabeth Styve.
KJEM ATT: Kvar dag kjem katten att og får mat av Elisabeth Styve.

Aarethun oppmodar alle som får seg katt om å chippa katten, slik at det er enklare å finna ut kven som er eigaren dersom dei forsvinn. Ho kjem også med nokre tips til kva ein kan gjera dersom ein katt plutseleg dukkar opp på døra di.

– Viss katten er utsvelten og ser sjuk ut, bør du ha han til dyrlegen uansett. I dyrevelferdslova står det klart og tydeleg om hjelpeplikt, og at kvar og ein som treff på sjukt eller hjelpelaust dyr har plikt til å hjelpa.

– Viss han berre kjem tomlande, bør ein undersøka om det er naboen som eig katten, setja opp plakatar og ringa oss, slik at me kan hjelpa, seier ho.

Treng heimar

Men sjølv for Dyrevernslaget er det ei grensa, og den grensa er ein i ferd med nå i desse tider. Aarethun fortel at dei har fullt opp med kattar som treng ein trygg heim, men at altfor få tek kontakt. 

– Spesielt vaksne kattar er det ingen som vil ha, og det tykkjer eg er rart når me dekker åtte kommunar. At katten er redd i byrjinga betyr ikkje at han er redd for alltid. Alle treng tilvenningstid, og me passar på at kattane blir plassert i heimar me føler dei passar inn i, seier Aarethun.

Umenneskeleg

No nærmar det seg også ferietider, og då er det mange som plutseleg finn ut at det kanskje ikkje var så lurt med kjæledyr likevel. I media har det ved fleire høve kome fram skrekkhistoriar der folk har teke livet av kjæledyret sitt.

– Ein må ha tenkt gjennom dette på førehand. Dei fleste har eit sosialt nettverk dei kan nytta seg av. Reis iallfall ikkje frå katten i tre veker. Det er ikkje menneskeleg å gjera noko slikt. Eg tykkjer det er rått og grotesk. Viss det er ingen andre utvegar, burde ein gå til dyrlegen og avliva dyret i så fall.

Til toppen