UREIN ELV: – Det har vore ein kjent situasjon lenge at vi har utslepp til Kaupangerelvi som vi ikkje ønskjer, seier rådmannen i Sogndal.
UREIN ELV: – Det har vore ein kjent situasjon lenge at vi har utslepp til Kaupangerelvi som vi ikkje ønskjer, seier rådmannen i Sogndal.

Veit ikkje kva som feilar denne elva

Sogndal kommune har fått 100.000 kroner av fylkesmannen for å finne kjelda til ureininga av Kaupangerelvi.

Kaupanger: Alle vassdrag i Sogndal kommune har blitt undersøkte og i eit av dei har det blitt oppdaga miljøutfordringar.

VIL UNDERSØKE ELVA: Rådmann Jostein Aanestad seier dei vil engasjere eit firma som skal finne ut kva som er kjeldene til utsleppa.
VIL UNDERSØKE ELVA: Rådmann Jostein Aanestad seier dei vil engasjere eit firma som skal finne ut kva som er kjeldene til utsleppa.

– Det har vore ein kjent situasjon lenge at vi har utslepp til Kaupangerelvi som vi ikkje ønskjer. Vi har søkt fylkesmannen om å få midlar til å kartlegge kvifor og har no fått 100.000 til det. Det er vi godt nøgde med, seier rådmann Jostein Aanestad.

Les også: – Kommunane viktige i arbeidet med å redusera utslepp
Les også: Så liten – men stor miljøversting

Han seier kommunen vil engasjere eit firma som skal finne ut kva som er kjeldene til utsleppa.

– Vi har ikkje noko fullstendig svar på kva kjeldene kan vere. Vi veit det kan vere frå avløp frå hushaldningar, det kan vere frå landbruket, det kan vere frå ein gamal fyllplass vi har i området, det kan vere frå nærings- og industriområdet i nærleiken. Men akkurat kvar kjeldene er og kva dei inneheld, det er noko av det vi vil finne ut av, seier Aanestad.

Han veit ikkje kva konsekvensar desse utsleppa eventuelt har for natur og folk.

– Eg kan ikkje sei akkurat korleis det påverkar biologisk mangfald og kvaliteten på vatnet. Då treng vi meir kunnskap, seier rådmannen.

 

 

Til toppen