Skampbankt
Skampbankt (Bilde: Pressefoto)

VEKAO 2018: Desse kjem til Sogndal

Hardrockarane i Skambankt er som første band stadfesta til den vekeslange studentfesten i mars neste år.

Sogndal: Skambankt skal på norgesturne og Sogndal er plukka ut som ein ein sjølvsagt del av denne turneen. Til Meieriet kjem bandet innom torsdag 15. mars.

– Dei lovar å gjere heile Tanken om til eit mørkt og sveitt kjellarlokale fyllt med knallhard musikkglede. Me gler oss utruleg mykje og ynskjer Skambankt velkomen attende til Sogndal og til VEKAO, den beste studentfestivalen i Norge, seier ein ikkje heilt ugild festivalsjef, Fredrik Øvstedal.

Ifølgje Facebook-sida til bandet kan det verke som gjensynsgleden er gjensidig.

– Det har gått tre lange år sidan sist, men endeleg er Skambankt attende på Meieriet. Me gler oss enormt mykje!, skriv dei.

Skambankt er eit hardrockband frå Jæren i Rogaland, leia av Terje Winterstø Røthing, tidlegare gitarist i Kaizers Orchestra. Bandet har gitt ut fem kritikarroste album, som òg har gjort det bra på hitlistene. Det førre albumet Sirene frå 2014 gjekk rett inn på førsteplassen på VG-lista og hausta 15 femmarar frå terningkastarane.

Ifølgje bandet sjølve er dei snart klare for sitt sjette album, slik sett ligg det an til store mengder ferskvare for dei som greier å skaffe seg billett til konserten i mars.

Til toppen