Darude (Foto: Youri van der Werve)
Darude (Foto: Youri van der Werve)
Darude (Foto: Youri van der Werve)
Donkeyboy (Bilde: Josef Benoni Ness Tveit)
Donkeyboy (Bilde: Josef Benoni Ness Tveit)
Lars Vaular 10.03.18 (Foto: Samuel Eide)
Multisport (Foto: Silje Takle)
Multisport (Foto: Silje Takle)
Multisport (Foto: Øivind Tokerud)
FIFA-turnering (Foto: Silje Takle)
Live hjao VEKAO (Foto: Youri van der Werve)
Bernhoft (Foto: Youri van der Werve)
Cidersmaking (Foto: Sveinung Øvstebø)
Bordtennis (Foto: Henriette Eide)
Hellbillies (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)
Hellbillies (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)
Mario Cart (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)
Mario Cart (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)
Marion Ravn (Foto: Henriette Eide)

VEKAO 2018: Sjå bileta frå elleve dagar med herleg galskap

VEKAO er over for denne gang. I elleve dagar har studentane i Sogndal kosa seg med konsertar og aktivitetar. 

Sogndal: Vekao 2018 vart søndag avslutta med motivasjonsføredrag av den kjente handballspelaren Anja Hammerseng-Edin.

På Studenthuset Meieriet fortalte ho historiar frå idretten og frå ulike situasjonar i livet der ho viser korleis ein kan snu motgang og utfordringar til nye moglegheiter.

VEKAO er eit årleg arrangement av studentane på høgskulen i Sogndal. Det er elleve morosame dagar med konsertar kveldstid og aktivitetar både ute og inne dagtid.

I år var skidagen på Heggmyrane eit av dei store høgdepunkta saman med Hellbillies-konserten laurdag.

Fredrik Øvstedal som er VEKA-sjef seier til Porten.no at skidagen var ein veldig stor suksess. Han seier dei var heldige med vêret, og afterski-arrangementet på kvelden vart heilt utselt. 

Selde 500 bussbillettar

– Folk kosa seg med camp i skibakken, seier Øvstedal, og legg til det var selt 500 bussbillettar til skidagen på Sogn skisenter. 

Ein av dagane vart det arrangert multisport-konkurranse. Eit rebusløp med forskjellige postar rundt om i heile Sogndal. Det var rundt 20 deltakarar som stile til start for rebusløpet. Der skulle det også kårast vinnar i klassar for menn, kvinner og for beste kostyme. 

Øvstedal seier at det i konkurransen var lag på to og to personar som samla poeng.

– I ein av postane måtte laga bera lagpartnaren sin opp den lange trappa til høgskulen i Sogndal, seier han. 

Av andre postar kunne ein finna mellom anna bading, båltenning og mjølkespannhalding.  

Også Hellbillies-konserten laurdag var utselt. Rockegruppa frå Ål i Hallingdal har heile tre Spellemannprisar å visa til, og gav ut sitt siste album i 2016. Etter konserten i Sogndal reiser bandet vidare for å spela på Union Scene i Drammen komande fredag.

Til toppen