Sogndal: Fredag blei programmet til Vekao 2017 slept. Denne veka i mars kjem det mange kjende fjes til Sogndal i det som vil bli ti hendingsfulle dagar.
– I år kan me venta oss stor kvalitet og noko for einkvar smak, både når det gjeld dagsarrangement og konserstar, seier bookingansvarleg Stian Sunde.
Kakkmaddafakka sparkar det heile i gang fredag 9. mars, og deretter går det slag i slag med konsertar kvar kveld og arrangement på dagtid.
Sjå heile programmet i faktaboks.
– I år ville me ha fokus på at det skal skje noko stort kvar dag for å få fram festivalkjensla, og det synest eg absolutt me har i planlegginga med ti konsertdagar på rappen.
– Store namn over heile fjøla
Fredag blir det skikkeleg bygdefest når Vassendgutane entrar scena. Dei selde nyleg ut Bakeriet i Årdal. Elles ventar kjende namn som Daniel Kvammen, John Olav Nilsen & Nordsjøen, Odd Nordstoga, Målrock-aktuelle Sondre Lerche og den svenske rapparen Timbuktu.
- Les også: Tidleg julegåve til Målrock-fansen
– Me har booka store namn over heile fjøla, og det er det sterkaste programmet me har hatt på mange år – utan tvil, held Sunde fram.
Ølsmaking og svingkurs
Det var eit utdrag av konsertane. Før kveldsmørket senkar seg er det flust i arrangement på dagtid med alt frå svingkurs og ølsmaking til pokerturnering og skidag.
– Me gler oss enormt til elleve festivaldagar i mars og håpar bygda er like gira som oss på å vise at me år etter år kan gjere det stort, sjølv om me er små.