UTLADALEN: Dette blinkskotet teke i Utladalen i Årdal vart vekas foto.
UTLADALEN: Dette blinkskotet teke i Utladalen i Årdal vart vekas foto. (Foto: Vilde Fanghold)

Vekas foto: Friskt sundagsbad i Utladalen

Vekas foto er teke av Vilde Fanghol.

Årdal/Sogndal: Vilde Fanghol kom til Sogndal for fyrste gong for fem år sidan då ho skulle gå eit år på folkehøgskule.

Etterpå forelska ho seg i naturen og blei verande. I dag er ho barnehagelærarstudent på tredje året. 

Fanghol elskar å gå på tur og brukar meir enn gjerne fritida si i naturen Sogn har å by på.

– Det er så mange flotte stadar ein kan gå på tur her med relativt korte avstandar, seier ho. 

Søndagstur til Utladalen 

Turen til Utladalen tok stad fyrste helga i september. 

– Eg skulle på ein roleg søndagstur saman med ei venninna, og sidan eg har vore i Utladalen før veit eg at det er utruleg fint å gå inn til Vettisfossen. 

Der blei biletet av venninna, Ronja, framanfor fossen i grønt vatn teke.

– Det var ganske kaldt, ler ho. 

Fanghold sine fem turfavorittar i Sogn

Fanghol går gjerne tur saman med hunden sin, og har fått mange favorittar i fylket. 

– Dersom du skal velge fem turar på topp, kvar går då ferda? 

– Då blir det 1. Hurrungane i Jotunheimen, 2. Børestein i Luster, 3. Molden i Luster, 4. Store Haugmelen mellom Luster og Sogndal, og 5. Storehogen i Sogndal.

Til toppen