HURRUNGANE: Utsikt mot Hurrungane og Jotunheimen på tur frå Skogadalsbøen til Vetti.
HURRUNGANE: Utsikt mot Hurrungane og Jotunheimen på tur frå Skogadalsbøen til Vetti. (Foto: Rigmor Øygarden)

Vekas foto: Hauststemning i Jotunheimen

Vekas foto er teke av Rigmor Øygarden.

Årdal: Rigmor Øygarden (41) er fødd og oppvaksen i Øvre Årdal. Dei siste åra har ho til fulle forstått kor fantastisk område ho bur i, og har dermed teke turstiane og fjella skikkeleg i bruk. 

Sånt blir det fine bilete av.

Tykkjer tur er bra både fysisk og mentalt 

– Akkurat no er eg i ein livssituasjon der eg kan gjere meir som eg vil og ynskjer. Då vel eg ofta å gå meg ein tur i nærmiljøet, for det gjer meg så godt på alle måtar å vera ute - både fysisk og mentalt. 

Ho seier at nokre dagar er kroppen tungt og det går tregt på tur, medan andre dagar blir ho forundra over kor lett det går.

– Eg får lufta hovudet på tur. Eg har aldri musikk på øyra, men har det heilt stille. Då høyrer eg på eigne tankar, ryddar opp litt, sorterer, og let tankane flyta som dei vil. 

Fine haustfargar i fjella 

Det er blitt haust i fjella, noko Øygarden tykkjer kan vera fint.

HAUST: Eit av Rigmor sine favorittbilete teke frå Botnanosi med utsyn mot Årdalsvatnet. Foto: Rigmor Øygarden

– Å sitte i ein stol med teppe, tenne lys, sjå ein serie på fjernsynet, og ha framme ei skål med sjokolade kan vera fint, men med hausten kjem òg kaldare og mørkare tider. Det er ikkje favoritten då eg har så lett for å fryse. 

Likevel set ho pris på den friske lufta, og dei fine haustfargane. 

– Eg kler på meg så godt eg kan og prøva å koma meg på tur uansett. Det er så kjekt å ta bilete når det er så fine fargar ute. Eg likar å gå frå botn, slite og sveitte meg oppover til toppen, høgdemeter for høgdemeter. Betalinga er utsikta der oppe.

Deler gjerne bileta på sosiale medium

Ho legg ikkje skjul på at ho brukar litt tid på å dele bileta ho tek på sosiale medium.

– Eg har mykje moro med det, og brukar nok ein del tid på å legge ut bilete. 

– Kva er dine turfavorittar? 

– Åsen i Øvre Årdal besøker eg ganske ofte. Det samme gjer eg med Blåberggruvene. Middagshaugen på Årdalstangen er ein flott tur. Avdalsskåri og vidare oppover, gjerne bort i Stølsmaradalen og nedatt Brendeteigen er ein fantastisk dagstur i godt vêr. Utladalen og Vetti er jo frodig og flott, og så er jo Bøttejuvet ein klassikar, avsluttar Øygarden. 

Til toppen