NØGD: Milo elskar å vera på tur.
NØGD: Milo elskar å vera på tur. (Foto: Edel Kristine Fuglesteg)

Vekas foto: Hunden Milo på tur med matmor langs Lustrafjorden

Vekas foto er teke av Edel Kristine Fuglesteg.

Luster: Edel Kristine Fuglesteg (23) er fødd, oppvaksen, og busett på Skjolden, inst i Lustrafjorden.  

Ho går mykje på tur i nærområdet, og set pris på dei mange fine turane som Luster har å by på. Med seg har ho alltid hundane, Birk og Milo.

– Eg går tur med hundane kvar dag. I sommar har turen ofte gått til dei ulike fjella kringom, seier Fuglesteg. 

Høgdegarden Bergheim 

Vekas foto er teke på høgdegarden Bergheim, rett under fjellet Bergheimsnosi, og tett ved Feigefossen. Høgdegarden ligg på sørsida av Lustrafjorden, midt mellom Sørheim og Kroken. 

FIN UTSIKT: Edel og hundane Milo og Birk set pris på utsikta. Foto: Edel Kristine Fuglesteg

– Det er så koseleg der oppe. Det er fin veg opp, og lite trafikk, noko som gjer det til ein fin plass å gå tur med hundane mine, seier Fuglesteg. 

Til vanleg jobbar Fuglesteg på omsorgssenteret i Luster, og når ho ikkje går tur likar ho å vera sosial. 

– I haust har det jo vore veldig dårleg vêr, men det har no sin sjarm likevel, sjølv om det er kaldt og blautt til tider. 

Fuglesteg sine fem turfavorittar 

Men sumaren ser Fuglesteg tilbake på med glede. Då gjekk ho mykje på favorittfjellet sitt, Osen. 

– Osen ligg i Mørkridsdalen, Breheimen nasjonalpark. Der har me hytta så der er me mykje om sumaren. 

– Kva er dine topp fem favorittar av fjellturar i Luster? 

– Då blir det heilt klart 1. Osen, 2. Fjøsnanosi, 3. Skåravatnet, 4. Moden, og 5. Bergheim/Bergheimsnosi.

Til toppen