VIND: Huskyen Chinook på fjorden på Refviksanden
VIND: Huskyen Chinook på fjorden på Refviksanden (Foto: Steffen Heggen Starheim)

VEKAS FOTO

Vekas foto: Husky ved kystlinja

Vekas foto er av huskyen Chinook, som slappar av på den kvite skjellsanden ved kystlinja utanfor Måløy.

Biletet er teke av Steffen Starheim, ein ivrig hobbyfotograf frå Eid som no går Medier og Kommunikasjon på Sogndal VGs. 

Hunden står på Refviksanden i Vågsøy kommune. Starheim likar å ta bilete av natur og mennesker, og helst i svart-kvitt.

– Men dei gangane eg har med hunden min Chinook på tur, må eg få med han på biletet, seier han.

Starheim har tidlegare vore fotograf på UKM og Malakoff. I år har han meldt seg på UKM med nokre av sine eigne bilete og skal til fylkesfinalen komande helg.

– Eg håpar eg sjølv kan komma til landsfinalen som deltakar, i fjor jobba eg der sjølv som fotograf for UKM, seier han.

Til toppen