UTSIKT TIL MORGONKAFFIEN: Marte Soldal og kjærasten Daniel tok teltet fatt og brukte sommarferien på å utforska fjelltoppane i fylket.
UTSIKT TIL MORGONKAFFIEN: Marte Soldal og kjærasten Daniel tok teltet fatt og brukte sommarferien på å utforska fjelltoppane i fylket. (Foto: Marte Soldal)

Vekas foto: Nyt ein kaffikopp på 1000 meters høgde

Vekas foto er sendt inn av Marte Soldal.

Luster: 22 år gamle Marte Soldal frå Hardanger flytta til Sogndal for å studera til å bli barnehagelærar.

Før sommaren fekk kjærasten Daniel eit telt i gåve. Det var starten på ein sommar med mange turar i Sogn, men ifølgje Soldal var turen til Molden heilt spesiell.

– Me valde å telta litt lengre nede, der det ikkje var så mange som gjekk forbi. Det var heilt fantastisk flott der oppe, seier Soldal. 

Inspirerte andre til å ta teltet fatt

Ho har alltid likt gå på tur heime i Hardanger, men seier at saftbygda vekka den store turgleda i ho.

I sommar har ho og kjærasten reist rundt i Sogn, og turen til Molden som var eit klart høgdepunkt, har utmerka seg. 

– UT.no delte bilete og me fekk enorm respons, og mange sa dei ville ta turen til Molden sjølve. Eg trur det inspirerte andre til å bruka litt meir tid på turen og heller ta med teltet i staden for å gå opp og ned att med ein gong, seier Soldal. 

Saka held fram under biletet.

FAVORITT: Turen til Molden i Luster kommune var heilt klart favoritturen. Slik er biletet i sin heilheit. Foto: Marte Soldal

Vil reisa rundt i fylket

Marte er beten av basillen, og seier at det ikkje er umogleg at ho bli att i Sogndal etter fullført utdanning.

For ho har planane klare for å utforska naturperla Sogn og Fjordane endå meir. Å utforska Luster og Lom står blant anna høgt på lista. 

– Eg har lyst til å få tak i ein bil som eg kan bu i, og reisa rundt og gå på tur i Sogn og Fjordane. Det er så mange fantastiske stader som eg enno ikkje har vore.

Til toppen