LINSELUS: Sauen dukka opp då Ingvild Kongslien (20) skulle ta eit bilete som oppgåve til skulen.
LINSELUS: Sauen dukka opp då Ingvild Kongslien (20) skulle ta eit bilete som oppgåve til skulen. (Foto: Ingvild Kongslien)

Vekas foto: Sauen hadde òg lyst til å vera med på biletet

Folkehøgskuleelev Ingvild Kongslien (20) i Sogndal hadde fått i heimelekse å ta eit bilete det som representerer «det gode liv» for ho.  Så dukka linselusa opp.

Sogndal: Med utsyn over bygda, og teikneblokka i fanget, rigga ho seg til for å knipsa.

– Eg synst det var ein veldig bonus at det dukka opp ein sau. Eg er ganske nøgd, seier Kongslien sjølv.

Lokka av kakao

Sauen var rundt ho heile tida då ho teikna. Kongslien seier ho ikkje trengde å lokka på sauen. Han kom heilt på eige initiativ.

– Då eg skulle ta bilete, så dukka han berre opp. Eg sat og drakk kakao, kan hende han kjende luka av noko godt?, seier Kongslien.

Ho kjem frå Söderköping i Sverige. I august starta ho på friluftslinja på folkehøgskulen i Sogndal.

– I Sverige har me ikkje folkehøgskular på same måte. Eg tykte det var veldig spanande, så hamna eg her i Sogndal på friluftsliv, seier Kongslien.

Gler seg til vinteren

Ho tykkjer skulen er trivleg, og har funne seg godt til rette i Sogndal.

– Eg hadde aldri vore her før, seier Kongslien.

Til no har ho fått vera med på mange forskjellige aktivitetar, men èin ting har ho enno ikkje fått sjansen til å prøva

– Eg lengtar etter å få stå på langrenn og fjellski. Eg håpar snøen kjem snart, seier 20-åringen.

Til toppen