BLODMÅNE: Førre fredag var det totalmåneformørking og månen vart raud. Fleire tok turen til toppen av fjellet Nuken i Sogndal for å sjå fenomenet.
BLODMÅNE: Førre fredag var det totalmåneformørking og månen vart raud. Fleire tok turen til toppen av fjellet Nuken i Sogndal for å sjå fenomenet. (Foto: Morten Hagen)

Vekas foto: Sjå blodmånen frå toppen av Nuken i Sogndal

Då månen steig opp på himmelen fredag kveld, stod fotograf Morten Hagen klar med kameraet.

Sogndal: På fredag hadde mange fotoentusiastar samla seg på den populære turtoppen Nuken i Sogndal for å få blinkskotet av blodmånen og måneformørkinga

Ein av dei var fotograf Morten Hagen frå Sogndal. Han og Bjarte Hovland kom tidleg til toppen, og vart sittande ein god del timar før månen steig opp på himmelen. 

– Raudfargen var skuffande i byrjinga, me hadde venta oss mykje meir. Men det kom seg jo lengre han var oppe. Det var utruleg interessant å få sjå heile sekvensen som gjekk føre seg, seier Hagen.

Kom tidleg

Då Hagen og Hovland kom til toppen på fjellet, oppdaga dei at dei ikkje var åleine om å ville ta bilete av månefenomenet.

JAKTAR BLINKSKOTA: Fotograf Morten Hagen frå Sogndal, står gjerne opp før fuglane om det gjev sjansen for det perfekte biletet. Foto: Morten Hagen

– Det var kjekt å sjå at fleire hadde tenkt same tanke. Sjølv ville me vera tidleg ute for å få ein god plass, seier han.

Etterkvart som tida gjekk var det omlag 15 stykk på toppen. 

– Me blei sittande litt lenge, for me hadde ikkje heilt kontroll på kva tidspunkt månen kom opp.Men det var jo så varmt at det ikkje var noko problem å sitja så lenge, seier Hagen. 

Månen var venta å visa seg frå 22:17 fredag, men det kjem an på kvar man er i landet. Ifølgje Hagen steig månen opp på horisonten rundt klokka 23:30. 

– Eg og Bjarte hadde forflytt oss eit godt stykke vekk i frå dei andre då me plutseleg fekk augo på månen. Han var skjult veldig lenge, før han plutseleg kom opp, så han var veldig høgt oppe på himmelen, seier han. 

Hagen: – Måtte vera litt kreative

Blant dei omlag 15 personane som sat på toppen, hadde fleire av dei med seg mykje fotoutstyr.

Hagen hadde teke med seg to kamera, og då månen steig opp på himmelen før midnatt, oppdaga han i siste liten at han hadde gløymt noko viktig.

– På det tredje kameraet som låg heime, låg òg festet til stativet mitt. Men det finnast alltid ei løysing, det er alltid ein stein. Me måtte vera litt kreative, ler han. 

Dermed måtte Hagen og Hovland legge vekk dei store planane om blant anna timelapse av formørkinga:

– Humøret mitt var på ein skikkeleg down då eg ikkje fekk nytta meg av stativet. Det er jo 105 år til neste gong, så eg kan ikkje rekna med å få sjå den igjen. Det som var kjekkast var jo å faktisk få sjå dette her, sler han fast.  

Til toppen