NYOPNA BRU: Vekas foto visar den nyopna Loftesnesbrui i flott fargespel om kvelden , og er teken av Hans Smedegård.
NYOPNA BRU: Vekas foto visar den nyopna Loftesnesbrui i flott fargespel om kvelden , og er teken av Hans Smedegård. (Foto: Hans Smedegård)

Vekas foto: Sjå Loftesnesbrui i kveldslys

Vekas foto er teke av Hans Smedegård.

Sogndal: Hobbyfotografen frå Årdal deltek aktivt på Instagram med emnetaggen vår #Mittporten. På profilen hans kan ein sjå mange flotte blinkskot i frå Sogn. 

På dette biletet ser me Loftesnesbrui, ein del av den nyopna Fjordstien i Sogndal. 

Smedegård fortel at han lenge hadde ønskt å ta turen for å ta bilete av brua, og førre veke budde moglegheita seg. Han hadde fri, og skulle vitja faren på Hafslo. 

– Me køyrde over brua og eg fann ut at eg ville ta bilete om kvelden, då ho er lyssett. Det er jo eit flott byggverk. Så då venta eg til det vart mørkt, og så drog far min og eg ut med kamera og stativ. 

Venta i ein halvtime

Han fortel at han måtte venta til vinden stilna av, slik at han fekk speglinga av brua i sjøen.

– Eg hadde stativ og lang lukkartid på linsa, slik at lyset kom fram på biletet.

– Kor lang tid tok det før du fekk bilete du ville ha? 

– Det tok vel om lag ein halvtime, sidan eg måtte venta då vinden kom og gjekk.

Kameraet alltid med i tursekken

Smedegård fortel at han ofte går på tur i fjella i Årdal og elles i Sogn.

Med seg i sekken har han alltid kameraet. Ein Sony A7. 

– Me har jo ein særdeles flott natur her i Sogn, og eg likar å ta bilete medan eg går på tur, seier han. 

Han pleier å dela blinkskota sine på sosiale medium, der han får god respons. 

–Det er artig at folk likar og delar bileta mine, det er jo ein slags inspirasjon til å halde på med foto, seier han. 

Viral video frå Sogn

I fjor haust publiserte Smedegård ein timelapse-video som synte kommunen frå ulike vinklar. Responsen var enorm og 15.000 såg videoen på Facebook. 

Sjå video her:

Til toppen