LÆRDAL: Vekas foto syner utsyn frå Storehaugen 908 m.o.h.
LÆRDAL: Vekas foto syner utsyn frå Storehaugen 908 m.o.h. (Foto: Magnhild Feten)

VEKAS FOTO

Vekas foto: Storehaugen i Lærdal imponerte lustringar

Vekas foto er teke av Magnhild Feten frå Luster.

Lærdal: – Det blei tur til Lærdal ganske enkelt fordi det var der det var finast vêrmelding, og vêrmeldingen stemde for ein gongs skuld, fortel Feten etter turen til Storehaugen.  

Ho og mannen Øystein Høyhein har sett og lese om Storehaugen i samband med Storehaugen Opp, og la dermed ut på tur i Lærdal for å oppleva fjelltoppen. 

– Me håpa på ein fin tur og det blei det. Det var heitt og godt oppover bakkane, samt fin sti og god merking og skilting. 

Lustrafjella er best 

Feten og mannen er røynde turgåarar, og går mykje på tur til vanleg. 

– Det er veldig kjekt med turar me ikkje har gått før. Me likar jo godt å gå på tur, og akkurat no er me på veg til Fjærland for fleire turopplevingar der, seier ho. 

LÆRDAL: På veg opp til Storehaugen, med utsyn over Lærdal. Foto: Magnhild Feten

Sjølv om ho no utforskar andre fjelltoppar i Indre Sogn er det likavel Lustrafjella som står hjarta hennar nærast. 

– Me likar Lustrafjella best. Børestein og Molden er toppar alle kjenner, ellers er det veldig kjekt med turar til Stordalshornet, Grånosene, og Grånosi. 

4.000 følgerar ser på bildene 

Feten har snart 4.000 følgerar på Instagram der ho gladeleg delar både turtips og flotte bilete frå dei mange turane sine. 

– Me likar oss godt rundt omkring i heile kommunen vår, og akkurat det er noko eg likar å dela med følgarane mine på Instagram. Eg får rett som det er spørsmål om turane eg er på, og då tipsar eg dei gjerne om Luster, avsluttar Feten. 

Til toppen