Foto: Sogn og Fjordane Arbeidarparti.
meiningar
Foto: Sogn og Fjordane Arbeidarparti.
meiningar

Vekst framfor kutt på Vestlandet

KOMMENTAR: Vi vil ha vekst framfor kutt på Vestlandet. Då må vi få på plass ei få ei regjering som bruker kreftene for å skape og ivareta arbeidsplassane.

I dag satser regjeringa for passivt, og som følgje av at næringane opplever betydelige utfordringar, ser vi at tryggleiken til arbeidstakarane vert svekka.

Samstundes har den største økonomiske satsinga for Høgre-Frp regjeringa vore skattekutt som først og fremst har gått til dei rikaste. På fire statsbudsjett er skattane kutta med 25 milliardar kroner, og  avgiftene har auka med om lag 3,3 milliardar kroner. Dette fordelar seg slik at landet sine aller rikaste får 1800 kroner dagen, medan 90% av befolkninga får 7 kroner dagen. Samstundes klarar ikkje regjeringa å vise til at desse skattekutta har skapt nokon arbeidsplassar. For å vere enda meir presis, så kan ikkje ein gong Siv Jensen sitt eige Finansdepartement vise til at det blir skapt nokre nye arbeidsplassar som følgje av dei nye skattekutta deira.  

Vi må ta ansvar

Denne politikken er korkje god for næringsliv eller arbeidstakarar, og det er på tide at vi tek dette på alvor. Framfor skattekutt, må vi heller satse på vekst som kan skape meir aktivitet for bransjane som møter motbør. Vi er og nøydde til å ta eit særskild ansvar for dei under 30 år, som er fanga i eit vakuum mellom utdanning og arbeid. Vi treng eit NAV som spesialiserer seg på den gruppa, då trur vi det er større sjanse for å få dei ut i jobb. Difor har vi fremja konkrete framlegg om å etablere ei forsøksordning for eit NAV-Ung der vi hadde 50 millionar kroner i vårt alternative statsbudsjett.

Dette er ei eiga satsing under NAV-paraplyen retta mot ungdom under 30 år som ikkje har eit arbeid å gå til. Denne satsinga skal ha eit eige team som arbeidar for ungdom, og skal ha særskilt kompetanse på behova og utfordringane som dei unge møter på arbeidsmarknaden. Dei som vender seg til NAV-Ung skal straks få tilbod om ein samtale, som skal gjennomførast innan 14 dagar, og aktivitetsplan skal vere på plass innan ein månad. Målet er at alle unge skal i jobb eller utdanning innan to månader. 

Arbeidsmiljølova skal styrkast, ikkje svekkast

I dag er det lågare sysselsetjing enn det har vore på mange år. Det er utfordrande. Når regjeringa si løysing er å endre arbeidsmiljølova til at det vert langt enklare å lage midlertidige arbeidsplassar,er det feil veg å gå. Samstundes aukar midlertidig tilsetjingar utryggleiken når ein skal spørje om boliglån. Med tjue års erfaring frå bank veit Ingrid dette. ”Anten det var unge par eller vaksne som ville spørje oss om lån til å etablere seg i livet, så var eit av dei fremste spørsmålet på heftet vårt: ”Om du har ein fast jobb?”. 

Dette er verkelegheita for mange av dei som ønskjer å etablere seg i dag, og det noko som vi må ta på alvor. Difor blir eit av våre første grep i regjering å fjerne den generelle adgangen til midlertidige tilsettingar, og fjerne adgangen til nulltimerskontrakter og arbeidskontrakter utan lønn mellom oppdrag. Dette blir kanskje ein tøff kamp, men vi er overtydd om at vi skal klare det saman.

Ingrid Heggø, Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane AP

Reidar Fugle Nordhaug, Leiar av Førde AP

Til toppen