Lærdal: I 2015 vart det tatt 21 prosent meir laks i dei norske elvane enn året før. Hittil i år melder fleire elvar om ein vekst på 30 til 50 prosent samanlikna med i fjor, skriv Nationen.
I Lærdalselvi går det mot rekordsesong. I fjor vart det teke 1138 laks i den populære elva, og allereie så langt denne sesongen har ein registrert 852 tekne laks, men langt fleire enn i fjor som er over sju kilo.
I Finnmark og på Austlandet blir det meldt om fleire elvar der den samla fangsten frå i fjor allereie er overgått. Numedalslågen ligg an til å få sin beste sesong på 15 år.
- Les også: Ligg an til å slå rekorden frå i fjor
– I og med at tala ligg 120 over det som var for to år sidan, og det er fanga mykje meir enn i fjor, bør det vere ein sjanse for at rekorden blir slått. Men det er klart det hjelp at fiskinga starta fem dagar tidligare i år. I tillegg kom laksen relativt seint opp i elva i fjor, sa leiar i Lærdal Elveeigarlag, Lasse Sælthun, til Porten.no tidlegare i sommar.
Også på Sørlandet, elles i Sogn og Fjordane, Trøndelag og Nordland er det betydeleg vekst i fangsten i fleire vassdrag. I Hordaland er det derimot fleire elvar der fangsten er mindre enn i fjor.
I fjor vart det fiska totalt 195.000 laks, sjøaure og sjørøye i dei norske elvane, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå. (©NPK)