MOGLEGHEITER: Noralv Distad, fylkesordførarkandidat for Høgre, peikar på molegheitene i dei to viktige næringsområda for Sogn og Fjordane, elektrisk kraft og reiseliv. Foto: CF-Wesenberg@kolonihaven.no
meiningar
MOGLEGHEITER: Noralv Distad, fylkesordførarkandidat for Høgre, peikar på molegheitene i dei to viktige næringsområda for Sogn og Fjordane, elektrisk kraft og reiseliv. Foto: CF-Wesenberg@kolonihaven.no
meiningar

Vekst med smarte løysingar

Les kommentaren av Noralv Distad, fylkesordførarkandidat for Høgre.

  • Endret

Halvert oljepris og kraftig nedgang i prisen på aluminium er utfordrande for store delar av næringslivet og skaper naturleg nok uvisse om framtida. I denne situasjonen er viktig å retta blikket framover; kva kan me gjera for å skapa vekst og ny optimisme. Sogn og Fjordane er eit fylke med store mulegheiter. Høgre vil leggja til rette for vekst i privat sektor, med utnytting av naturressursar, omstilling og nytenkjing og tettare samarbeid mellom næringsaktørar, kunnskapsmiljø og det offentlege.

I denne situasjonen er viktig å retta blikket framover; kva kan me gjera for å skapa vekst og ny optimisme

Meir nyskaping

Næringslivet i Sogn og Fjordane har heldigvis mange bein å stå på. I år melder reiselivsnæringa om gode resultat og starten på året var svært god for aluminiumsindustrien. Fiskerinæringa gjer det godt, det er optimisme i landbruket og framleis vil me ha stor aktivitet knytt til olje og gass. Det er viktig å ta vare på og forsterka det breie næringsgrunnlaget. Høgre prioriterer kunnskap, forsking, skattelette og betre samferdsleløysingar som drivarar for nyskaping og vekstfremjande omstilling. Dette er tiltak som er særleg viktige for Sogn og Fjordane. Næringslivet vårt driv i sterk konkurranse og har store kostnader. Konkurransekrafta må aukast med betre og nye produkt og kostnadene må kuttast. Høgre vil ha nyskaping og vekst i alle bransjar. I dette innlegget vil eg konkret peika på molegheitene i to viktige næringsområde for Sogn og Fjordane: elektrisk kraft og reiseliv.

Kraftfylket Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane er storprodusent av elektrisk energi. Ein langt større del bør nyttast til verdiskaping i Sogn og Fjordane. Høgre vil difor ha ein offensiv miljø- og energipolitikk bygd på tilgjengeleg og rimeleg vasskraft. Det er viktig å støtta forsking og utviklingsprosessar som gjer det muleg mellom anna å foredla viktige råvarer som skog. I dag blir store mengder tømmer som kunne vore nytta til industriproduksjon i Norge eksportert. Norge kan bli konkurransedyktig for etablering av grøne datasenter med avgiftsnivå på nivå med konkurrerande land. Norsk kollektivtrafikk, både på sjø og land, bør i større grad nytta elektrisk kraft. Igjen er det viktig å støtta og stimulera til forsking og utviklingsarbeid for å få fram løysingar som er gode teknisk og økonomisk. Me må arbeida for felles, internasjonale krav som legg til rette for at cruiseskip nyttar landstraum.

Reiselivsfylket Sogn og Fjordane

Reiseliv er ei stor næring i Sogn og Fjordane. Næringa er desentralisert og er særleg viktig for mange mindre bygdesamfunn. Reiseliv er ei internasjonal vekstnæring der Sogn og Fjordane med sine natur-, kultur- og mattradisjonar kan hevda seg i tøff konkurranse. Høgre vil at dei nasjonale turistvegane vert vidareutvikla og utvida med viktige veg- og fjordstrekningar. Me vil støtta tiltak som styrkjer Sogn og Fjordane som reisemål for vandring og andre aktivitetar og ikkje minst støtta tiltak som gjev meir heilårsaktivitet. Også reiselivet vil ha stor nytte av satsing på utdanning og forsking og betre samferdsleløysingar. Høgre ser det som viktig å driva aktivt utviklingsarbeid for å utvikla gode produkt og effektive løysingar for marknadsføring og sal.

Smarte løysingar krev vilje til nytenkjing og evne og vilje til samarbeid

Næringsnettverk og smarte løysingar

Høgre vil ta initiativ til meir nettverkssamarbeid for å få framgang i Sogn og Fjordane. Fylket treng vekst fyrst og fremst i privat sektor. Næringslivet med gründarar og investorar må ha ein sentral plass i samarbeidet. Det er viktig med kunnskap, analyse og faktabasert informasjon. Difor må utdannings- og forskingsmiljø delta aktivt i nettverket. Høgre vil og eit tettare samarbeid mellom kommunane og fylkeskommunen. Smarte løysingar krev vilje til nytenkjing og evne og vilje til samarbeid. Sogn og Fjordane skal bli tilflyttingsfylket og JA-fylket.

Til toppen