IMØTEGÅR PÅSTANDAR: Arve Mjømen fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre. Foto: CF-Wesenberg@kolonihaven.no
meiningar
IMØTEGÅR PÅSTANDAR: Arve Mjømen fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre. Foto: CF-Wesenberg@kolonihaven.no
meiningar

Vekstkraft i bygde-Norge med den nye regjeringa

Arve Mjømen, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre, svarar Norges Bygdeungdomslag.

  • Endret

Ser av innlegg i fleire aviser at regjeringa får skulda for å rasere bygde-Norge. Her er det ein del underlege og urette påstandar som eg må imøtegå. Dei fleste sakene har oppstått frå ulike fagetatar som har fremma forslag om endringar i organisering og struktur. Regjeringa vurderer dei innkomne forslaga og tek stilling til dei. Her vil eg gjerne nemne nokre av dei positive sakene for vårt fylke.

  • Engebø prosjeket i Naustdalsom fekk si avgjerd gjennom vedtak gjort av modige statsrådar på basis av grundige faglege vurderingar.
  • Regjeringa og Stortingsfleirtalet har fått på plass det viktige ferjeavløysingsprosjektet, også for fylkesvegferjer, som kan gje brufinansiering over 40 år. Dette vil bidra til at våre distrikts kommunar kan få bygd brusamband til øyar og at Kystvegen kan realiserast. Stad Skipstunnel er no faktisk i startfasen og blir bygd.
  • Høgskulesatsinga er stor, bl.a. med auka løyvingar og satsing påtilbodet i Florø.
  • Auke i vegsatsinga, med 30% utover plan. Planlegging av Grodås-Byrkjelo/Skei inkl. bru over indre Nordfjord.
  • Den økologisk landbruksskulen i Aurland er i mål med støtte også frå Staten.
  • Bioforsk ville legge ned aktiviteten ved Furneset forskning stasjon men Regjeringa vedtok oppretthalding.
  • Fiskeridirektoratet sitt kontor i Måløy og Sogn og Fjordane består på tross av fagetaten sine råd.
  • Skaffa til rette sterkt etterlengta grøne sertifikat for småkraftverk som er viktige bygdenæringar, med produksjon av rein energi. Dette gjorde til at mange unngjekk konkursar i kjølvatnet av den Raudgrøne Regjeringa sin politikk.
  • Ingen flyplassar vert berørt i negativ retning. Vi får meir politi ute på vegane og der folk bur.

Regjeringa legg også til rette for at distrikta skal makte å motstå sentraliseringspresset. Kommunereforma betyr styrking av distrikta gjennom større og meir framtidsretta kommunar, kommunar med tyngde nok til å stoppe sentraliseringa til Oslo og storbyane. No må Norges Bygdeungdomslag gripe muligheita og arbeide saman med Regjeringa, til distrikta og bygdene sitt beste.. Vi må sikre at kompetanse-arbeidsplassar blir verande i distrikta og at viktige fagmiljø ikkje søkjer til større byar. Høgre har på sitt landsmøte sagt at det skal skje verdiskaping i alle delar av landet. Regjeringa og Stortingsfleirtalet fylgjer opp i praksis.

Til toppen