GODT VEKSTSESONG: Ein tidvis kald og nedbørsrik sommar øydela ikkje vekstsesongen for 2015, viser statistikk frå Landbruksmeteorologisk Tjeneste. Foto: Jon Schärer / Nibio/ NPK).
GODT VEKSTSESONG: Ein tidvis kald og nedbørsrik sommar øydela ikkje vekstsesongen for 2015, viser statistikk frå Landbruksmeteorologisk Tjeneste. Foto: Jon Schärer / Nibio/ NPK).

Vekstsesongen i 2015 var god trass ein kald sommar

Ein tidvis kald og nedbørsrik sommar øydela ikkje vekstsesongen for 2015, viser statistikk frå Landbruksmeteorologisk Tjeneste (LMT).

Lærdal: Det var ein tidleg vår og ein varm haust som berga ein god vekstsesong det fleste stader, spesielt for korn, melder Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio)

Eit utval av målestasjonane til Nibio viser at vekstsesongen frå mai til september nokre stader var kaldare enn normalen og andre stader varmare. Stasjonane frå Sogn og nordover hadde normale eller høgare temperaturar, medan resten av Sør-Noreg låg under normalen.

Både juni og juli blei kalde, og særleg var gjennomsnittstemperaturen for juni betydeleg under normalen landet sett under eitt.

– Samstundes blei det ein våt sommar mange stader, fortel Halvard Hole ved Landbruksmeteorologisk Tjeneste.

Mest nedbør kom det i Trøndelag og Nord-Noreg. (©NPK)

Til toppen