NØGDE: Leiarane i Farnes og Knipenborg, her saman med skyttar Ingunn Marie Holsæter Sandvik, er godt nøgde med helgas skytestemne. Foto: Kaja Nygård
NØGDE: Leiarane i Farnes og Knipenborg, her saman med skyttar Ingunn Marie Holsæter Sandvik, er godt nøgde med helgas skytestemne. Foto: Kaja Nygård

Vel gjennomført skytestemne

I helga var det skytestemne i Årdal og Aurland. Mange dugnadstimar ligg bak eit slikt arrangement. 

Årdal: Søndag avslutta skytestemna, som har vore denne helga i Årdal og Aurland. Arrangørane var Farnes skyttarlag, Knipenborg skyttarlag og Aurland skyttarlag, ein kunne altså få med seg 3 skytestemner i løpet av helga.

Det har vore ein tradisjon i mange år at desse skytestemna finn stad i januar. Dette er skyttarane godt kjende med og mange set derfor av tid til å vere med på stemna i Indre Sogn.

Glenn Vie er leiar på fjerde året i Farnes skyttarlag. Han fortel at skytestemnet har gått veldig fint og at det har vore eit problemfritt arrangement.

- Folk er nøgde med skytestemnet i år, og det er eg også, seier Vie.

Han legg til at det ligg mange dugnadstimar bak eit slikt stemne, men laget har mange som stiller opp. Dugnadsgjengen er skyttarane sjølve og familiane rundt dei. Rigmor Øygarden er ein av eldsjelene som jobba på søndag. Ho er i tillegg kasserar i laget.

- Kjekt å kunne bidra, seier Rigmor smilande.

Ho er ein god skyttar som allereie som ung gjorde seg bemerka. Ho har no invistert i ny skytedress og klar for å ta opp att skytinga.  

Artikkelen held fram under biletet. 

SKYTTARAR: Frå venstre Rigmor Øygarden, Leiv Brun, Ludvig Indrebø og Andreas Veum er alle skyttarar og ein del av dugnadsgjengen til Farnes skyttarlag.
SKYTTARAR: Frå venstre Rigmor Øygarden, Leiv Brun, Ludvig Indrebø og Andreas Veum er alle skyttarar og ein del av dugnadsgjengen til Farnes skyttarlag.

Mange skyttarar

- I år var det omlag 180 skyttarar som deltok på stemna, fortel Vie.

Vie og leiar i Knipenborg skyttarlag Robert Sandvik hadde ikkje den fullstendige oversikten, men antok at dette besøkstalet var opp mot rekord.

- Det er me veldig godt nøgde med, seier dei samstemte.

Mange skyttarar kjem frå Indre Sogn og omegn, men også Bergensområdet var godt representert.

Skyttaren Lise Margrethe Rinde frå Åsane/Hordvik gjekk heilt til topps på Farnes sitt stemne i klassen 3-5. Medan stemnet på Årdalstangen var det Reidun Kristin Knapstad frå Florø som gjekk til topps i same klasse.

Ludvig Indrebø frå Farnes skyttarlag er ein ivrig skyttar.  Han skyt i klasse V73 og søndag presterte han med å skyte fullt hus på Farnes sitt stemne. Dette gjer at han tronar sin klasse der. Også I Aurland skaut han fullt hus.

– Det er viktig med konkurransetrening, seier han.

Han likar godt å reise rundt på stemne, og melder seg på mange i løpet av året. Allereie neste helg er han på farten igjen. Denne gongen går turen til Førde, Naustdal og Florø.

Skyttarlaga i Årdal og Aurland har alle skytterar med lang erfaring, dette er gode forbilde for dei yngre skytterane i laga.

Det er eit veldig godt miljø i skyttarlaga, legg Vie til.

- Der yngre skytterar får gode tilbakemeldingar og oppmuntringar frå dei erfarne skytterane våre.

Framtida i laget

Robert Sandvik er nøgd med stemna, og fortel at det også i Knipenborg sine lokaler gjekk knirkefritt føre seg.   

Han seier at dei i haust hadde skyteskule for å rekruttere fleire unge til skyttarlaget på Årdalstangen.

Det er ungdomsleiar Jens Herstad som har ansvar for dei unge skyttarane, men han har god hjelp frå dei andre i laget. Dugnadsånden er også særs god i Knipenborg.

- Skyteskulen i haust  var for 10-12 åringar, og det var cirka 20 barn som var med på treninga. Dette resulterte i at me fekk mange nye medlemmar i skyttarlaget vårt, fortel Sandvik nøgd.

Mange av desse var med på stemna i helga. Det var heile 30 aspirantar som skaut på stemnet på Årdalstangen og 18 av desse var skyttarar frå Knipenborg.

Vie er enig i at det er viktig å satse på dei unge. Han fortel at også Farnes skyttarlag satsar stort på dei unge.

- Dei er tross alt framtida i laget.

Han legg til at det er viktig at det gror godt i alle skytterlaga i Indre Sogn. Dette gjer at det blir eit godt samhold i samlaget.

I klassane for rekrutt og eldre rekrutt var det 14-19 påmelde i kvar klasse på stemna. Dette viser at det er vekst i skytemiljøet.

Lærdølen Jens-Henrik Hegg er ein skyttar med gode prestasjonar bak seg. Han skyt i klasse eldre rekrutt, og på stemnet på Årdalstangen kom han på første plass med 249 poeng.

Ein sport for alle

Skyting er ein sport for alle aldrar og menn og kvinner konkurrerer på lik linje.

Det er ein sosial sport der ein stiftar vennskap på tvers av generasjonar og kommunegrenser.  

Vie opplyser om at Farnes, Knipenborg og Aurland sine skyttarlag er arrangør for to stemner til i løpet av våren. Det er Vårtreffen i april og Lerum cup i mai. Lerum cup er eit stort arrangement der også Leikanger og Sogndal sine skyttarlag er med som arrangørar. Dette er det tredje største stemne i Noreg og i fjor var det omkring 600 påmelde.

 

Til toppen