OPE: Frode Myklebust (V) og Linda Kvam Bjørkum (Ap) meiner begge det er viktig med eit godt barnehagetilbod for småbarnsfamiliar. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
OPE: Frode Myklebust (V) og Linda Kvam Bjørkum (Ap) meiner begge det er viktig med eit godt barnehagetilbod for småbarnsfamiliar. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

– Vel kvantitet framfor kvalitet i barnehagen

- Det handlar om prioriteringar. No vel vi kvanitet framfor kvalitet, så får vi svelja den kamelen, sa Frode Myklebust (V), under kommunestyremøte i Lærdal torsdag.

Lærdal: Kommunestyre i Lærdal vedtok samrøystes torsdag å oppretthalde dagens opningstider i barnehagen, med forståing for at det kan gå ut over bemanninga i kjernetida.

Les også: Vil ikkje stengje barnehagane i ferien

I framlegget til nye vedtekter vart det mellom anna lagt opp til er kortare opningstid om ettermiddagen og at barnehagane skal stengjast dei to siste vekene i juli.

Henta meiningar på sosiale medium

I dag er barnehagane i Lærdal opne frå 06.45 til 16.30. I framlegget ville dei redusere dagen med ein halvtime, og dermed stengje barnehagen klokka 16.00.

Ap-politikar Linda Kvam Bjørkum tok til Facebook for å spørja småbarnforeldre kva dei meinte om saka.

- Ein god del var uroa over ideen på at barnehagen skulle stengje i to veker og å redusera opningstidene. Dei frykta at tidsreknestykkjet ikkje skulle gå opp. Mange som bur i Lærdal pendlar til jobb i Årdal og Aurland. Alternativet deira er å flytta dit inntektskjelda er. Det er ikkje Lærdal kommune tente med, sa Bjørkum.

Ho tok også opp at mange, spesielt innan helse og omsorg jobbar turnus, noko som gjere at familien kan bli splitta om barnehagen vert stengt i to veker.

- Det er ikkje alle som har bestemødre som kan stilla opp å henta borna i barnehagen på ettermiddagane. Eg fryktar at om vi ikkje gjer oss attraktive på barnehagetilbodet, vil ikkje barnefamiliar bu her lenger, sa ho.

Vil bruka formelle kanalar

Rådmann Alf Olsen Jr. meiner på si sida at kunnskapsgrunnlaget må dannast via formelle kanalar. Til dømes skriv gjennom foreldreorganisasjonen (FAU). 

- Vi må vera forsiktige med kvar vi hentar inn informasjon og handtera kunnskapen på ein god måte. Her må vi bruke felles metodar, seier Olsen. 

Kommunen har bestemt seg for å spara inn 1,8 millionar kroner i barnehagane. Grunnen til at utgiftene i denne posten har auka er blant anna ansiennitet hos tilsette og lønnsnivået til dei med spesialkompetanse og høgare utdanning. Rådmannen forklarar at det er eit komplekst bilete som gjer at dei må føreta seg desse innsparingane.

- Eg er einig i at barnehagen ikkje burde vera stengt i to veker. Det er viktig at kvaliteten i barnehagen er god, men ulempa til foreldra må sjølvsagt vegast opp, seier Gro Starheimsæter (Sp).

Vil skapa "sunn økonomi"

Kåre Mentz Lysne føreslo å oppretta arbeidsgrupper som skal ta for seg "sunn økonomi" så snart som mogeleg.

- Lærdal kommune må spara peng. Arbeidsgruppa vil blant anna sjå på korleis ein kan oppnå desse innsparingskrava og sjå på strukturen.

Også han er uroa over langtidskonsekvensane av å redusera opningstidene og stengja barnehagen om sommaren.

- Mange i helse og omsorg går ut i pensjon dei neste åra. Blant desse arbeidsplassane er det mange som er typisk for kvinner. Kommunen ønskjer å rekruttera fleire folk, men då må oppvekstforholda vera på plass, seier han og viser til at kommunen stod overfor det same problemet på 80- og 90-talet.

Då blomstra det av barnehagar i Lærdal fordi det var eit stort behov for det, og mange flytta heimatt.

- Vi trenger barnefamiliar til å busetja seg i kommunen vår. Kva gjer ein om ein ikkje klarar å henta ungen sin kvart på fire fordi ein må pendle til jobb? Om vi stengjer barnehagen har vi ikkje lenger tilbod til barnefamiliane, seier Lysne.

Til toppen