SØLVVINNAR: Hege Bakken Wahlquist og Glassverket tok sølv i NM-finalen mot Larvik onsdag kveld. Foto: Peter Tubaas/glassverketelite.no.
SØLVVINNAR: Hege Bakken Wahlquist og Glassverket tok sølv i NM-finalen mot Larvik onsdag kveld. Foto: Peter Tubaas/glassverketelite.no.

– Veldig moro trass tap

Larvik vart ikkje overraskande for sterke for Glassverket og Hege Bakken Wahlquist.

Årdal: Men årdølen deppar ikkje av den grunn. For til Porten.no fortel ho at innstillinga var som ho måtte vera før kampen.

– Ein prøver å tenkja at dette er ein vanleg kamp, men det er klart det blir spenning. Samstundes er det Larvik me møter, så me vart einige om at me skulle ha det moro og gjera som på trening, fortel Wahlquist.

Dette var kantspelaren sin første NM-finale. Onsdagens kamp enda med 19-28-tap i Nadderud Arena. Dette var Larviks 8. strake finalesiger, noko som var forventa av dei fleste før kampen.

Likevel vart det ei god oppleving med fleire kjende ansikt på tribuna. Tidlegare onsdag fortalte Porten.no om 16 årdøler som var på plass på tribuna for å heie fram sambygdingen.

– Det sette eg veldig stor pris på. Dei sat nærma bana, så eg kunne sjå på dei, og stemninga var veldig god. Eg fekk snakka med dei etter kampen, så det var skikkeleg moro, fortel Wahlquist.

Sjølv om det vart sølv, er dette ei god avslutning på eit veldig godt år for årdølen, som for berre nokre veker tilbake fekk speletid med flagget på brystet for rekruttlandslaget.

– No er målet å koma så høgt på tabellen som mogleg og vinna dei kampane me skal spela. Me skal også spela europacup mot Viborg, og målet er å vinna der.

Til toppen