Aurland: – Fottursesongen er så smått i gang, og når raset gjekk no vil den vidare sesongen skrida fram tilnærma som normalt. Men tiltak må setjast inn så kjapt som råd.
Kommunen har hatt ymse møteverksemd måndag etter at det søndag kveld vart meldt om eit femti meter breitt ras i nærleiken av Sinjarheim i Aurlandsdalen.
Les også: Stort ras stengjer kjend turveg
Vurdering måndag ettermiddag eller tysdag føremiddag
Raset stengjer den populære stien totalt, og Distad kan ikkje seia akkurat når den vil bli opna att
– Men det blir så raskt som mogløeg; både entreprenør og geolog skal gjera ei vurdering anten seinare i dag eller mest truleg i morgon, så får me tru vurderinga blir at arbeidet kan koma kjapt i gang. Det er to grunnar til at det er viktig; naturlegvis for at fotturistane skal få oppleva den fantastiske dalen, men også fordi stien er viktig for det lokale næringslivet.

Stien startar ved Østerbø og endar i Vassbygdi. Røft rekna går 15 000 fotturistar stien i løpet av sesongen, og ein stor del av desse leiger overnatting i kommunen.
Nokre har allereie gått turen som er på topp ti når det kjem til attraktive fotturar i Noreg, men dei store massane kjem først no framover.
– 1. mai var første dugnadsgruppa oppe for å utbetra stien der vinteren hadde tæra på den. Men tilbakemeldingane har vore at det er veldig lite skader på stien i år, noko eg sjølv har sett når eg har gått den. Så elles ser det svært bra ut.